NRK Meny
Normal

Flykta oppover, og såg husa forsvinne

Mottakssenteret i Aurland byrjar å fylle seg opp av evakuerte innbyggjarar frå Flåm. Ei gruppe på 14 personar var heilt isolerte, og venta lenge på evakuering på eit platå i Flåmsdalen.

Aurland Flåm flom

FJELLHYLLE: Her ventar 10-12 personar under ei fjellhylle. Dei såg to hus bli vaska vekk av elva, og ventar på helikopterevakuering.

Terje Hilstad var sjølv med på den dramatiske evakueringa. Han køyrde sjølv folk opp frå gardane til platået.

– Det var heilt uverkeleg. Elvekanten var berre ein og ein halv meter frå huset då vi flykta. Og når elva kom til trea i nærleiken velta dei med ein gong. Det blir spanande å sjå om huset mitt står i morgon, seier Hillstad rundt klokka 01.

Redningshelikopter har no evakuert dei 14 som flykta frå dei enorme vassmengdene, i tillegg til to andre personar i nærleiken.

– Alle er trygt nede, og har fått hus og rom for natta.

Men det var det ingen garantiar for tidlegare i kveld. For høyr berre på den historia Ingeborg Bakketun Ottoson kunne fortelje då dei sat å venta på helikopteret.

Såg to hus bli vaska vekk

– Det har vore heilt forferdeleg altså. Det har utvikla seg til noko me aldri kunne tenka oss. Me er oppunder ei helle opp mot Hagaberget, seier Ingeborg Bakketun Ottosson.

Dei har vore i kontakt med kommunen, men ventar framleis på å bli evakuerte.

– Det var heilt nødvendig å trekke opp her, for det nærmaste nabohuset mitt gjekk for ein time sidan, og eit anna hus nedanfor gjekk ein halv time før. Me torde ikkje vere der nede lenger, seier Bakketun Ottosson.

Medan dei ventar, har dei det tørt der dei er.

– Det regnar veldig, men under her har me det tørt. Me er to små born og foreldre, eg og mannen min, og eit eldre par. Og så er det ein familie på fire. Me har kome oss høgt opp, og veit ikkje kva som skjer der nede.

Ventar på evakuering

Inbeborg Bakketun Ottosson

INGEBORG BAKKETUN OTTOSSON: I ein situasjon langt vekke frå dramaet som utspelar seg denne haustkvelden.

Foto: Privat

No i kveld kan dei ikkje lenger sjå om fleire hus er tekne. For det er stummande mørkt, og straumen har gått nede i dalen.

Sjølv har Bakketun Ottosson og mannen gløymt å ta med vatn, men ho prøver å halde motet oppe.

– Det går fint her med meg, og dei andre også trur eg. Det er veldig roleg og fint her. Me gløymde vatn, men eg klarar meg fint og han som har born har sikkert med noko til dei. Det er ikkje kaldt, og me er godt kledde

– Det er veldig trist for denne familien som har mist huset sitt då. Så vi er jo i sjokk, seier ho.

No er eit helikopter på veg, og borna er tekne opp til staden der helikopteret skal kome.

– Det er skremmande

Christian Hellebø Rockland er ein av mange som akkurat har kome til mottaket på Røde Kors-huset i Aurland. Han er evakuert frå Flåm.

– Me vart fortalde at vassmengdene auka meir og meir og dei var redde for ein trafostasjon skulle velta. Dei følte det ikkje var trygt for oss å vera i Flåm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christian Hellebo Rockland

SKREMMANDE: Det tykkjer Christian Hellebø Rockland, som her er på evakueringssenteret på Røde Kors-huset i Aurland.

Foto: Arve Uglum

Han jobbar på Flåmsbrygga hotell, og var midt oppe i det ein periode.

– Det kom berre meir og meir vatn. Plutseleg gjekk me til knea i vatn midt i Flåm sentrum. Det er veldig spesielt. Det er skremmande. Me måtte få ut gjester og oss sjølve.

– Kva tid skjønte du at dette er meir enn haustregn?

– Allereie i går kveld byrja det å kome vatn i kjellaren i huset der eg bur. Elva var veldig, veldig høg. Men eg trudde ikkje det skulle gå så gale. Men rundt klokka 15-16 var det så mykje vatn, at eg skjønte det var ekstraordinært, seier Rockland.

Han er svært glad for å ha blitt evakuert.

– Eg er berre glad for å kome meg vekk. Det var veldig store vassmengder, og ein veldig usikker situasjon også, seier Rockland.

– Det såg ut som som sivilforsvaret og raude kross hadde god kontroll der inne på å få folk hit. Dei kjem til å kome seg trygt fram, og det kjem til å gå bra, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her samlar folk seg på evakueringssenteret i Aurland

– Aldri sett elva så høg

Evald Knutsen

EVALD KNUTSEN: Har aldri sett elva så høg.

Foto: Arve Uglum / NRK

Også Evald Knutsen, som tidlegare i ettermiddag fortalde at han aldri har sett elva så høg, er blant dei evakuerte som har kome frå Flåm.

– Eg har aldri sett elva så stor så lenge eg har budd her, og eg har budd her sidan 1972, sa Knutsen.

No er han evakuert, og på mottakssenteret i Aurland. Det er ikkje fare for huset til Knutsen, men han er likevel evakuert.

– Det er dei som er verre stilt med meg. Ein kamerat lenger oppe har hatt problem med vatn i kjellaren heile dagen. Og brekkebrua litt ovanfor meg er snart heilt vekke, fundamentet er på veg vekk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.