Hopp til innhold

Innbyggjarane i Underdal isolerte

Bygda Underdal i Aurland er no heilt isolert, etter at vegen er vaska vekk av dei enorme vassmengdene. Innbyggjarane er redde, seier ordføraren.

Veg vekke i Underdal

SJÅ VIDEO: Elva vaska vekk vegen til Underdal tysdag. (FOTO: DAVID UNDERDAL)

– Folk i Underdal har mista vegsambandet og er redde for at det skal kome mykje vatn ned dalen til husa. No snakkar me med dei, slik at dei kan organisere korleis dei skal takle det, seier ordførar Noralv Distad.

Voldsomme vassmengder funne ein eigen veg ned til bygda Underdal. Oppmodinga frå ordføraren er klar.

– Alle må ta forholdsreglar, når det kjem slike kollossale vassmengder. Det gjeld også andre stader i kommunen som er råka.

Han lovar at kommunen skal gjere sitt for å hjelpe folk.

– Me har helsepersonell og heimesjukepleien klar, og har båt liggande klar. Me prioriterer liv og helse, seier ordføraren.