NRK Meny
Normal

Dei fleste har fått straumen tilbake

Uvêret onsdag har medført konsekvensar for straumlinjene rundtom i fylket. Sogn og Fjordane Energi håpar at alle skal ha fått tilbake straumen i løpet av torsdag ettermiddag.

Velta tre tok straumen

MYKJE Å GJERE: SFE hadde og har framleis fleire feil dei prøvar å rette opp.

Foto: Truls Kleiven / NRK

SISTE (oppdatert kl. 12.00): SFE melder på sine nettsider at dei har fått det meste opp og gå igjen, men at dei framleis har ein feil på straumnettet i Eid mellom Hundeide og Torheim. Straumselskapet opplyser på nettsidene at feilen er omfattande og at kundane vil bli forsynte ved hjelp av aggregat. Sørland i Bremanger vil bli kopla inn kring klokka 12 og resten kring klokka 13, skriv dei.

Særleg i Vågsøy, Eid og Bremanger har dei opplevd onsdag og torsdag problem.

I Våge Oppedal i Vågsøy er sju-åtte kundar utan straum. På Husevåg har eitt par husstandar halv spenning.

Høgspentmast brent av

60 kundar har sidan i går mangla straum i Almenning i Vågsøy.

– Der er det ein feil på ei høgspentmast som har brent av. Vi har folk der som jobbar med saka, seier vakthavande i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Vidar Solvang til NRK like før klokka 09.00 torsdag morgon.

Natt til onsdag fekk dei også melding om ein feil på Raudberg mot Refvik.

– Der har vi ikkje funne feilen enno, så der jobbar fire mann.

Prøvar å rette opp alt torsdag

På Isane i Bremanger er fire transformatorar ute av drift.

– Det er skog som har teke linja. Der er folk komne på plass og er i gang med å strekke opp igjen. Så det skal snart vere kopla inn igjen, seier Solvang klokka 08.50.

I Eid kommune måtte mannskap frå SFE gi opp tanken på å sjekke ut linjene onsdag kveld og natt til torsdag på grunn av vêret.

På strekninga mellom Hundeide og Torheim er mellom 60 og 70 kundar utan straum torsdag morgon.

– Vi håpar at vi skal få alt inn igjen til i ettermiddag ein gong mellom klokka 14 og 16.00, seier Solvang i SFE.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.