Lukta frå avfallsanlegget har blitt verre, og no byrjar naboane til anlegget å miste tolmodet.
Magnar Indrebø og familien er i tvil om at leiarane for det interkommunale avfallsselskapet klarer å fikse opp i problema.
– Eg har mine tvil om at dette går så veldig fort, seier Indrebø, som bur med familien på Espe, berre nokre hundre meter frå det illeluktande kompostanlegget.
– Når vindforhold og vêr er riktig, er det så tung og rå lukt her at det ikkje er verande på tunet der vi bur.
- Les også:
Ny prosess gir meir lukt
Sunnfjord miljøverk tek imot slam frå reinseanlegg og septiktankar i kommunane i Sunnfjord.
Etter at fylkesmannen hadde eit tilsyn med bedrifta og fann avvik på måten dei behandla dette slammet på, har miljøverket byrja på eit nytt prøveprosjekt for å gjere kloakkslammet om til kompost.
– Prosessen med å rangkompostere går veldig bra. Men så har det kome fram at det produserer meir lukt og meir ubehag og ulemper for naboane, seier styreleiar i Sunnfjord Miljøverk (SUM), Oddmund Klakegg.
Ordninga med den såkalla rangkomposteringa går som eit prøveprosjekt fram til 1. september. Kva som skjer etter det er ikkje bestemt.
På eit styremøte i dag blir blant anna luktproblema eit tema. Klakegg forstår at naboane er utolmodige.
- Les også:
Store kostnader
Ifølgje Indrebø har det vore snakk om å kjøpe ut dei som blir råka av luktproblema, noko han meiner blir ei svært kostbar løysing.
Klakegg i SUM seier det blir jobba intensivt for å kartlegge moglege løysingar.
– Kor lenge går det før ein veit om det er naboane som må flytte, eller om de vel å leggje ned kompostanlegget?
– For selskapet sin del kan vi nok leggje ned kompostanlegget, det er ikkje det som er avgjerande for verksemda til selskapet. Men vi ønskjer å gje ei teneste til eigarkommunane våre om god behandling av kloakkslam frå reinseanlegg og private anlegg.
Han seier det avgjerande blir å lukkast med to ting. Både å lage god kompost, men og å gjere det på ein måte som ikkje gir for store ulemper for naboane.
– Kan innbyggjarane i SUM-kommunane ende opp med rekninga for å rydde opp i denne saka?
– Vi vil få ein auka kostnad når vi må gjere endringar i korleis vi behandlar kloakkslam. Noko vil gå tilbake til brukarane, men at det blir ein veldig prisauke ser eg ikkje føre meg.