NRK Meny
Normal

Dei er klar for det som er meir enn ein fotballkamp

SOGNDAL (NRK): – Dette er David mot Goliat, gliser Saftkokarleiar Vidar Vadseth. Og er skråsikker på ny Sogndal-siger mot Brann.

Vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann er ikkje berre ein kamp om tre poeng og tabellplassering.

SJÅ VIDEO: Bygd mot by. Eller Saftkokar mot Bataljon. Saftkokarleiar Vidar Vadseth (t.h.) er klar til kamp mot Bataljon-leiar Roger Lillebøe-Hansen. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Vestlandsderbyet på Fosshaugane Campus kunne ikkje fått ei betre ramme. Regnvêret har lagt seg, sola glyttar fram mellom skyene - og 5.600 billettar er rivne vekk.

På toppen av det møtes to lag i form. Sogndal som kan gjere nye klyv på tabellen med siger. Og Brann som kan ta nye steg mot eit sensasjonelt seriesølv.

  • Høyr kampen direkte på NRK Sogn og Fjordane her.
Laster innhold, vennligst vent..

– Brann har ikkje vunne her oppe sidan 2002, så her er det gode moglegheiter for siger. Den er nesten hundre prosent, seier Saftkokarleiar Vidar Vadseth.

– Bønder mot by'n

På Lægreidspuben ladar heimesupporterar opp til kamp, godt blanda med raudkledde Brann-supporterar. På studentstaden Meieriet er det heilraudt. Når Brann-songen ljomar ut over høgtalaren, tek allsongen til.

Og det er det ikkje lenge til det gjer på Fosshaugane også. For verken Eirik Bakke sitt mannskap eller heimepublikumet har planer om å gjere det enkelt for gjestene frå Bergen.

Fosshaugane Campus er utseld for første gang sidan ombygginga. Kampen i kveld handlar ikkje berre om tre poeng og tabellplassering.

– Det er bønder mot by'n, det er Sogn og Fjordane mot Hordaland, Bergen og Brann. Det er David mot Goliat, seier Vadseth.

– Og resultatet?

– 3-1.

– Forsiktig 0-3

Gjestene frå Bergen har ikkje den beste statistikken i verdas einaste eliteseriebygd. 11 av 15 møte på øvste nivå har enda i heimesiger. Brann har berre to sigrar.

Det ser ikkje ut til å uroe Bataljon-leiar Roger Lillebøe-Hansen.

– Eg prøvar meg med ein forsiktig 0-3, gliser han og blir møtt av hånleg latter av Saftkokarleiaren.

– Det går greitt

– 3-1 er veldig sannsynleg at det kan bli, men det blir ikkje det, humrar Lillebøe-Hansen.

For heller ikkje sølvjagande Brann har planer om å gje ved dørene.

– I sølvkampen er det viktig med siger. Samstundes har vi mange kampar att, og kan klare sølvet utan siger i dag. Men dette trur vi går greitt, seier han sjølvsikkert.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.