Hopp til innhold

Debuterte med 6. og 4.-plass

Formel-debutant Håvard Hallerud køyrde inn til 6. og 4.-plass under opningshelga i den skandinaviske formelbilserien Formula Nordic. Sunnfjordingen har tatt steget frå gokart og representerer denne sesongen Team Greenpower. Han er den første frå fylket som prøver seg på det høgaste nivået ein kan køyre formel i Norden. Hallerud har berre fått eit par testløp med den nye bilen, og opningshelga i svenske Knutstorp vart hans første på vått føre. Neste runde blir på «heimebane» 18. mai, med løp på Rudskogen i Rakkestad.

Håvard Hallerud
Foto: Team Greenpower