Hopp til innhold

Køyrde ut etter 20 sekundar i europacupdebuten

Med startnummer 86 på brystet fekk Åge Solheim (19) alt anna enn ein lett europacupdebut i slalåm. – Heldigvis får eg ein ny sjanse i morgon, seier Haugen-alpinisten.

Åge Solheim på trening før sesongen

KØYRDE UT: Åge Solheim sin europacupdebut varte i 20 sekund. – Så fekk eg den klassiske innerskia, resignerer han.

Foto: Privat

Dagens slalåmrenn i Hemsedal var rennet nordfjordingen har sett fram til og jobba mot i lang, lang tid.

Men allereie før første mellompassering var europacupdebuten over for Åge Solheim.

– Eg hadde køyrt 20 sekund, og så skjedde det du kan kalle ein klassisk innerski, seier 19-åringen.

Tøffe forhold

Alpintalentet er skildra fylkets største alpintalent sidan tidleg på 1980-talet . Han satsar for fullt for å bli best i verda, og hadde som mål å køyre inn blant dei 60 beste av nær 110 startande i første omgang i Hemsedal. Det ville gitt han moglegheit til å køyre seg endå lenger opp på resultatlista i andre omgang.

I staden vart han ein av 29 løparar som køyrde ut, og såg frå sidelinja at ytterlegare 12 løparar køyre ut – og at sveitsiske Ramon Zenhaeusern vann rennet. Jonathan Nordbotten vart beste norske med ein 4.-plass.

– Det var tøffe forhold. Litt nysnø som gjorde det vanskeleg for oss som kom bak. Vi var mange som køyrde ut mot slutten, seier Solheim.

– Alt eller ingenting

– Det er sjølvsagt veldig, veldig skuffande. Men i eit slikt renn veit du at du er blant dei dårlegaste. Då er det berre å gå for alt eller ingenting, legg 19-åringen til.

Det har han også tenkt å gjere når europacupen held fram torsdag.

– Eg følte sjølv at eg starta bra, og det var trenarane samde i. Dei eg har køyrt mot på trening køyrde inn til godkjende mellomtider og resultat, så moglegheitene for å gjere det bra er heilt klart til stades. Ein må berre våge å gje full gass og stole på at det du gjer er rett, seier han.