Hopp til innhold

Dåvøy uroa for mangel på fagfolk

- Regjeringa si nedtrapping i psykisk helsevern fører til stor mangel på fagfolk, seier Laila Dåvøy.

Laila Dåvøy

SKULDAR PÅ REGJERINGA: Laila Dåvøy meiner nedtrapping fører til mangel på fagfolk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Ho er KrF-politikar og medlem i helse- og sosialkomiteen på Stortinget.

Mangelen på fagfolk er så prekær at ungdomspsykiatrisk avdeling, UPH, i Førde kunne blitt stengt av mangel på psykiater.

- Dette kan vi ikkje godta og dette bør helseministeren kikke på. Vi kan ikkje ha eit fylke utan denne spesialisthelsetenesta, meiner Dåvøy.

Skreiv uromelding

Like etter opptrappingsplanen i psykisk helsevern er over, slit helsevesenet med å skaffe fagfolk. Det kan få dramatiske konsekvensar. Konstituert avdelingssjef Frank Kalstad har skrive brev til fylkeslegen med uromelding om situasjonen i på ungdomspsykiatrisk avdeling i Førde.

Kalstad skriv mellom anna at dei ikkje har ein spesialist innan barne -og ungdomspsykiatri, og at han har vore uroa over tilbodet pasientane får.

- Det går på den medisinske kompetansen som ikkje har vore god nok , seier han.

- Nesten umogeleg å rekruttere

Sjølv om Helse Førde har utdanningsavtale med Universitetet i Bergen, og har rekrutteringsbyrå som arbeider for å finne folk, er helseføretaket svært sårbar.
Direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, seier rekrutteringa av folk med rett kompetanse nesten er umogleg.

- Vi har ikkje hatt barne- og ungdomspsykiater og vi har ikkje hatt fast lege på avdelinga. Vi har prøvd å rekruttere, utan at det har lykkast.

- Kan ikkje leve med dette

Dåvøy meiner fylket ikkje kan leve med ein så vanskeleg situasjon i psykiatrien.

- Det blir ikkje prioritert godt nok når vi får signal om at kommunar og spesialisthelsetensta i ferd med å redusere innsatsen. I nokre tilfelle dreier det seg om at ein ikkje får folk, men i ein del tilfelle vert det nedpriortert økonomisk. Det har vi fått mange signal på.

Midlertidig løysing

Avdelinga har funne ei midlertidig løysing fram til 22. januar. Men innan den tid må dei ha funne ein person som kan vere på avdelinga på permanent basis.

- Det slit på dei tilsette og det slit når det praktisk talt er full avdeling. Det er ikkje flust med barne- og ungdomspsykiatarar, seier Reusch.

Flyttar vekk

Direktør Jon Bolstad i Førde seier at det generelt er vanskeleg å rekruttere fagfolk innan psykisk helsevern, ikkje berre i Helse Førde. Han seier det er ei samansett problemstilling.

- Vi må bruke lang tid å få tak i nøkkelpersonell. Viss vi får tak i folk tek dei kanskje vidare spesialisering, og særleg innan psykologifaget mistar folk innan kort tid fordi dei flyttar til andre stader