Leiar i samferdsleutvalet, Liv Henjum. Arkivfoto NRK
Leiar i samferdselsutvalet, Liv Henjum, er ikkje overraska over tala. Ho fortel at dette har vore ei klar utvikling gjennom svært mange år.
Ikkje betre med det første
Mange fylkesvegar i Sogn og Fjordane har svært dårleg standard. Og ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå ser det ikkje ut til å verte betre med det første. For i 2003 og 2004 vart løyvingane til drift av vegnettet her i fylket redusert med 13 prosent.
Møre og Romsdal best i klassen
Skilnaden vert stor når ein ser på nabofylket Møre og Romsdal, som ligg på topp i landet med ein auke i løyvingane på 23 prosent. Henjum viser til den stadige politiske kampen for å forsvare dei manglande midlane til fylkesvegane.
Vil auke løyvingane
Liv Henjum har påpekt overfor eit samla fylkesting at fylkesvegane må takast meir på alvor. Målet er å auke løyvingane ved neste års budsjett.