- Kjem det ein bil med litt dårleg forstilling eller styring, kan nettopp dårleg veg utløyse ulukker, seier Egil Otter. Han får støtte av nestleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren.
Per Andreas Øren. Arkivfoto Arild Nybø NRK
Auka utgifter for transportnæringa
- I tillegg til større risiko for ulukker, fører dårleg vegvedlikehald til større utgifter fordi bilane brukar meir drivstoff og det er meir dekkslitasje, seier Øren
- Regjeringa satsar på vedlikehald
Tysdag høyrde vi at godstransporten er nær dobla dei siste åra,
Torild Skogsholm. Arkivfoto NRK
med det resultatet at slitasjen på vegane også aukar. Og trass i at det vert brukt mindre pengar på vegvedlikehald i Sogn og Fjordane, meiner samferdsleminister Torild Skogsholm regjeringa har gjort jobben sin. Ho meiner at ho satsar nettopp på vedlikehald, sjølv om ho meiner dette kan vere ein upopulær satsing. - Trass i at mange har kravd meir satsing på nye vegar, har vi prioritert drift og vedlikehald. Vi brukar meir til dette enn den førre regjeringa, seier statsråden.
- Vanskeleg å forstå
Men nestleiaren i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane har vanskeleg for å forstå at Regjeringa har prioritert vedlikehald av vegane. - Det kan umogeleg vere rett når vi ser på vegane våre, spesielt E39, seier Per Andreas Øren.
- Hån mot Sogn og Fjordane
Og Egil Otter i Norges Automobilforbund er også kritisk til Skogsholm sine prioriteringar. - Vår noverande samferdsleminister seier at vi skal ta tog eller buss, og å seie det til folk i Sogn og Fjordane er ein hån. Vi meiner ho ikkje tek det ansvaret ho er sett til, seier Otter. Men han trur ikkje at eit regjeringsskifte nødvendigvis vil endre samferdslepolitikken.
Innringing om vegstandarden
I ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane i dag har folk sjansen til å seie kva dei meiner om vegstandarden og vedlikehaldet av vegane. Då blir det innringing om temaet med Arve Uglum som programleiar. Har du synspunkt du gjerne vil framføre på radio, kan du ringe 57 72 42 42.