Hopp til innhold

Eksportnekt og kraftig resultatfall for Braanaas

Eksportnekt til Russland fører til svakare resultat for oppdrettsgründeren Ola Braanaas.

Ola Braanaas

DÅRLEG ÅR: Ola Braanaas får ikkje selt laks og aure til Russland. Det viser også att i resultata til oppdrettsgründeren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sidan mai i fjor har slakteriet eigd av Firda Management vore utestengd frå den russiske marknaden.

At eit heilt nytt slakteri til 100 millionar på Byrknesøy er teke i bruk i mellomtida, har til no ikkje hjelpt på situasjonen.

– Vi har nett hatt kontroll frå dei russiske veterinærstyresmaktene, og vi håpar det kjem ei løysing om ikkje så lenge, seier Ola Braanaas.

Opna nytt slakteri

Oppdrettaren i Gulen eig eitt av 13 norske slakteri som russarane meiner leverer fisk med for høge bakterieverdiar. Forbodet vart innført i mai i fjor.

Det er først og fremst sal av aure som blir råka av eksportforbodet, og det er verdas viktigaste marknad for oppdrettsaure oppdrettaren i Byrknesøy i Gulen er utestengd frå.

Auren som har gått gjennom slakteriet blir no seld til Asia, til langt lågare prisar.

– Vi har gjort så godt vi kunne, til og med bygd ein heilt ny fabrikk, så eg trur tilhøva skal vere så pass gode at dersom vi ikkje blir opna så er det andre ting som ligg bak, meiner Braanaas.

Vil ikkje høyre

Seniorrådgjevar Odd Brimsøe ved seksjon for eksport og import hos Mattilsynet, seier dei har ført tilsyn og sendt dokumentasjon til Russland.

Han stadfestar at dei 13 norske verksemdene har vore utestengde lenger denne gongen, enn tidlegare.

– Vi har tidlegare erfart at anlegg kan vere utestengde i nokre månader, og der vi då på bakgrunn av våre tilsynsaktivitet og oversendt dokumentasjon og analyseresultat oppnår at verksemdene får fornya tilgang til den russiske marknaden. Så har ikkje skjedd i dette tilfellet, seier han.

Dårleg 2012 for Braanaas

Og utestenginga frå den russiske marknaden er hovudårsaka til at selskapa til Braanaas i fjor opplevde kraftig resultatfall.

Driftsresultatet til både Firda Eiendom og Firda Management fall med over 100 millionar frå 2011.

Men det kosta også Firda-systemet meir å produsere fisken i 2011 og 2012. Braanaas gir høgare utgifter i kampen mot lakselus og ekstraordinært vedlikehald skulda for dette.

Rekordhøge prisar

Når Chile i år har problem med å nå sine produksjonsmål, og den kalde vinteren her til lands gjorde at oppdrettsfisken her i landet har vakse sakte, så er lakseprisen på rekordnivå.

Det gjer at Braanaas igjen ventar at pengane skal renne inn.

– Verda skrik etter meir laks og aure, og det viser att i høge prisar. Trass i finanskrise, og at folk har mindre pengar mellom hendene i Europa, så er altså etterspurnaden og betalingsviljen etter norsk laks og aure veldig, veldig høg for tida, seier han.