Vil teste ut steril oppdrettslaks

Forskingssjef meiner steril oppdrettslaks kan hindre konsekvensane av lakserømmingar.

Oppdrettslaks
Foto: Terje Marøy / Scanpix

– Produksjon av steril oppdrettslaks kan vere ein fornuftig måte å møte utfordringane med rømd oppdrettslaks på, seier Rune Waagbø som er forskingsleiar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.

Den store frykta i mange laksevassdrag, er at rømd oppdrettsfisk skal blande seg med dei lokale laksestammene. Waagbø seier dette er ein av grunnane til at det no er sett i gang eit forskingsprosjekt med steril laks.

– Den har den fordelen at den ikkje formeirar seg i elvane våre. På den måten er det ei løysing for å hindre samanblanding med villaksstammen, seier han.

Sterile plantar og frukt

Så lenge oppdrett skjer i sjøen, vil det alltid kunne skje uhell der fisk rømmer. I laksevassdraga er den store frykta at den rømde fisken skal blande seg med dei lokale laksestammene.

I dag finst det både sterile planter og frukt på marknaden. I tillegg produserer fleire land alt steril fisk. I Frankrike er til dømes 80 prosent av regnbogeauren steril. Forsking har synt at steril laks har eit høgare innslag av helseproblem som auge- og beinlidingar som ein må få bukt med, før ein kan starte kommersiell produksjon.

– Vi har løysingar for problema i sikte, mellom anna med betre samansetning av for.

Er open for løysinga

Ola Braanaas

POSITIV: Lakseoppdrettar Ola Braanaas er opne for løysinga med steril oppdrettslaks.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lakseoppdrettar Ola Braanaas meiner næringa alt har gjort mange tiltak som har redusert problemet med rømming. Han er likevel open for steril fisk som ei løysing dersom ein får bukt med helseproblema for fisken

– Rømming er ein uting og det er eit økonomiske tap for oppdrettsbedriftene. Det har også ei mogleg påverknad på villaksstammen, så sånt sett kan steril oppdrettslaks vere eit steg i rett retning. Men det er veldig mykje knytt til steril laks vi ikkje veit om i dag.

Forskingsleiar Rune Waagbø seier mykje kan vere klart om få år.

– Vi reknar med at vi løpet av eit par år, kjem med resultat som stadfestar at dette er rett veg å gå, seier forskaren.