Hopp til innhold

Manglar nynorsk vers - vil sende splitter nye salmebøker i retur

Kyrkja i Gloppen vil sende splitter nye salmebøker i retur. Årsaka er at nynorskversjonen av det fyrste verset i dåpssalmen «Å lat din ande med oss vera» manglar.

Gudstjeneste

MANGLAR NYNORSK VERS: Eitt av versa i dåpssalmen manglar på nynorsk i salmebøkene som kyrkjelyden i Gloppen har kjøpt. Illustrasjonsfoto

Foto: Keilen, Berit / Keilen, Berit

Over 60 000 nye salmebøker er trykt opp utan nynorsk versjon av fyrsteverset i den tradisjonelle dåpssalmen. Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen tykkjer forlaget bør ta ansvar for trykkfeilen. Han tykkjer det er merkeleg det er å syngje eitt salmevers på bokmål og resten på nynorsk.

– Når du har bestilt ei vare og vara inneheld ein feil, burde forlaget ta bøkene tilbake, seier han.

Meiner trykkfeil er vanlege

I Gloppen rakk dei å stemple 10–15 bøker før dei såg at salmeverset manglar på nynorsk. Forlagssjefen i Eide forlag meiner slike trykkfeil er vanlege og ubetydelege, og dei vil ikkje erstatte salmebøker som er stempla.

– Det kan vi dessverre ikkje gjere, for bøkene er tekne i bruk. Då er moglegheita å setje inn klistrelappar med den rette teksten, seier han.

Tykkjer det er greitt å klistre over

Prosten i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, tykkjer klistrelappar er godt nok, men meiner at forlaget bør betale dei for å gjere arbeidet.

– Vi i Eid har kjøpt inn 450 bøker. Vi bør få ein kompensasjon for det arbeidet vi får med å lime inn rett tekst. Eg tykkjer ikkje det går an å kassere bøker for 60.000 kroner. Det blir også miljømessig feil, seier han.

Men presten i Gloppen tykkjer ikkje ein klistrelapp er godt nok. Han meiner forlaget må erstatte alle salmebøkene.

– Vi vil heller ha skikkeleg salmebøker enn klipp og lim. For nynorske kyrkjelydar går ikkje dette an, seier han.