Normal

Dansk spelar på veg til Sogndal

Danske Tonny Brochmann er på veg til Sogndal Fotball.

Det stadfester sportssjef Trond Fylling overfor Sogn Avis på nett. Han seier Brochmann er ein spelar for framtida.

Den snart 22 år gamle kantspelaren har dei siste åra spelt for AC Horsens i den danske superligaen. Fleire lag skal ha vore interesserte i talentet. I juli var Brochmann på Sogndal og trente med laget.

Agenten til dansken seier til fotballnettstaden bold.dk at Brochmann har signert ein treårig avtale med Sogndal. Ifølgje Fylling er derimot enno ikkje alle formalitetar klare.

– Han er ikkje klar enno. Eg vil ikkje stadfesta ein overgang før papira er signert, seier han til avisa.

For eit par veker sidan vart det klart at Førde-talentet Ruben Holsæter og Florø-tvillingane Stefan og Peter Aase går til Sogndal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune