Hopp til innhold

DAB skal gjere det tryggare å køyre i tunnel

I august vil det vere 26 tunnelar med DAB-dekning i fylket. Men det vil ikkje virke før folk får DAB i bilane.

DAB-dekning skal gjera tunnellane tryggare. Men - for å få inn nødmeldingar må du bytte radio.

22 tunnelar i Sogn og Fjordane skal få DAB-dekning innan midt i august, medan fire har dekning frå før. Idag vart det montert DAB-dekning i Naustalstunnelen.

Mari Hagerup er kommunikasjonssjef for Digitalradio Norge, og meiner DAB vil gjere det tryggare for bilistar i tunnelane.

Mari Hagerup

Mari Hagerup i Digitalradio Norge meiner at bilistar får et betre med DAB.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Med DAB får bilistar inn alle kanalar medan dei er i tunnelen. I tillegg kan vegvesenet og beredskapsetatane varsle bilistar direkte over radioen, dersom det skulle vere behov for det, seier ho.

Utbygginga er i rute

DAB er det nye systemet for kringkasting av radio. DAB er digitalt, medan det analoge FM-nettet som framleis er i bruk i dag, vil bli stengt i 2017. Då vil all radio vere digital kringkasting, som vert kalla DAB.

320 tunnelar i landet, med lengd over 500 meter, skal ha DAB-dekning. Utbygginga er godt igang i fylket.

– I sommar skal vi bygge 18 nye DAB-sendarar i Sogn og Fjordane, seier Petter Hox, som er distribusjonssjef for radio i NRK.

Yrkessjåførar er kritiske

Asgeir Ripe

SKEPTISK: Yrkessjåfør Asgeir Ripe trur mange vil gå glipp av livsviktig informasjon fordi dei ikkje har det rette utstyret i bilen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Likevel er dei som skal bruke vegane mest, usikre på korleis tryggleiken blir før alle bilistar får DAB-mottakarar.

– Frykten er at dei ikkje kjem fram med naydsynt kommunikasjon til bilistar som står fast i tunnelane, om korleis ein skal komme seg ut, eller om ein skal halde seg i ro, seier Asgeir Ripe, som er tillitsvald i Norsk Transportarbeidarforbund.

For sjølv om systemet for DAB-dekning snart er på plass, må bilistane ha utstyr for å kunne ta imot dei digitale signala. Utan DAB-mottakar blir det ingen lyd frå radioen når FM-nettet blir stengt i 2017.