Kåringa betyr svært mykje for oss, seier Sverre Søraa som er administrerande direktør i Coast Seafood.
- Dette gjev ei god sjølvkjensle. Det at vi får prisen igjen, er ei god stadfesting på at det vi gjer er rett, seier han.
Auka omsetnad
Som den einaste i landet er Coast Seafood for andre gong kåra til årets lakseeksportør. Utmerkinga får dei fordi dei i fjor auka omsetnaden i selskapet frå 1,1 til 1,4 milliardar kroner, men og på grunn av ansvaret dei har tatt på seg for felleskapet i samband med laksesaka.
- Viktig pris
For Coast Seafood som ikkje sjølve produserer laks, men kjøper fisken frå fleire verksemder langs kysten, er sals- og marknadsarbeid viktig. Og då er ei slik utmerkinga kjekk å ta med seg.
- Denne prisen er viktig. Vi er verdsett til å vere ein einar internt i næringa, både ved eksport og ved sal og produksjon av vidareforedla produkt, seier Søraa.