Clara om netthets: – Ingen skal oppleve det same som meg

SOGNDAL (NRK): – Korleis skal vi lære ungdommen at dei ikkje skal mobbe, når ein 82 år gammal mann får sitje i ti år og trakassere utan at samfunnet tek tak i det, spør Clara Øberg.

Clara Øberg

VIL HA FRED: Clara Øberg seier karakteristikkane i bloggen har vore tøffe for både henne og familien.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

I dag vitna ho i saka mot Alf Kollsete (82), som er tiltalt for å ha omtalt den tidlegare leiaren for barnevernet i Sogn for «terrorist» og «overgripar mot born».

Øberg er i dag leiar for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Sjølv om det er ni år sidan ho forlèt stillinga som barnevernsleiar i Sogn, vert ho framleis omtala med sterke ord i bloggen til Kollsete.

– Det å fortelje kva det faktisk har gjort med livet ditt og familien, det er veldig tøft, sa Øberg til NRK då ho var ferdig med forklaringa si.

Sist ho melde Kollsete til politiet, i 2014, vart saka lagt bort på grunn av kapasitetsproblem. Denne gongen håpar ho politimeldinga fører fram, ikkje minst med tanke på «alle ungdommane som sit rundt om og opplever liknande»:

– Det har skjedd ei utvikling. Då eg melde det sist, var dette ei relativt ny form for sjikane og hets av folk. I dag har vi meir erfaring med det, og eg trur at politiet og rettsvesenet meiner at dette ikkje er greitt.

– Ein plikt å ta til motmæle

– Uttrykka eg har brukt er eit utslag av stor frustrasjon, uttala Alf Kollsete, då han forklarte seg for retten. Han kalla det «ein plikt å ta til motmæle».

82-åringen fortalde at det var ei barnevernssak i næraste familien som førte til at han starta å blogge, og nekta straffskuld på alle seks punkta då aktor las opp tiltalen i retten.

– Eg vil kalle meg sjølv ein varslar, sa han, og viste til «ei enorm belastning» på familien:

I den situasjonen eg har vore i, meiner eg at eg ikkje har gått over streken. Men det kunne ha vore brukt andre ord og uttrykk. Eg skal vurdere det når eg held fram med å skrive, men eg held på retten til å skrive korleis eg har opplevd faktiske ting.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge (t.v.) og klient hans Alf Kollsete.

NEKTAR STRAFFSKULD: Alf Kollsete (t.h.) meiner han har halde seg innanfor det ytringsfridomen tillèt. Til venstre forsvararen hans, Ivar Eivind Hauge.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Påstand om 45 dagar fengsel på vilkår

På spørsmål om han ikkje ser at denne typen karakteristikkar kan gå inn på dei som vert omtala, svara Kollsete at tilsette i viktige, offentlege stillingar må kunne tole å stå i ein storm.

– Eg ønskjer å få fram korleis folk i offentlege stillingar kan handle til stor og uoppretteleg skade for andre menneske.

Kollsete varsla i forklaringa si at ein eventuell dom uansett ville verte anka.

Då saka vart avslutta i dag sette aktor fram påstand om 45 dagar fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år, i tillegg til ei bot på 15.000 kroner. Det er venta at dommen vil vere klar innan to veker.