17-åringen har vore sakna sidan 9. juli i fjor. Ifølgje den førebelse obduksjonsrapporten døydde jenta av drukning. Ingen ting tyder på at ho har vore utsett for noko kriminelt, melder TV 2.
Det blei forgjeves sett i gang store leiteaksjonar då Charlotte Moene frå Øvre Årdal forsvann frå heimen i fjor sommar. Pengar blei samla inn til eit privat minnefond for å finansiere vidare søk. Det var firmaet Sperre AS som i privat regi dreiv søk med miniubåt i Årdalsvatnet torsdag, fredag og laurdag.
Funnet blei gjort i 13-tida laurdag. Jenta blei funnen i området der ein så langt har gått ut frå at ho kunne vere.
(©NTB)