Hopp til innhold

Ola Thune jobbar med Charlotte-saka

Var med då den siste leiteaksjonen vart starta opp, men rolla hans er uviss.

Privatetterforsker Ola Thune
Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Privatetterforskar Thune vil seie lite om kor lenge han har jobba med leitinga etter Charlotte Moene, på kva slags måte han har jobba med saka eller kva han vil gjere no som ho vart funnen og henta opp frå Årdalsvatnet.

- Kan eg seie det? Spør han.

- Vi veit at du var i Årdal nettopp.

- Eg vart kontakta for å sjå på saka og vurdere den opp mot alle tenkelege scenarier.

- Sidan du er involvert er det naturleg å spørje om du mistenker at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet hennar?

- Eg vil ikkje uttale meg om mi oppfatning av kvar saka står. eg føler at politiet tek hand om saka no, seier Thune.

Fleire gonger i Årdal

Han har vore fleire gonger i Årdal etter Moene si forsvinning i juli, seinast sist torsdag då leitinga som førte til at ho vart funnen starta.

- Eg var med og bar flåten, seier han om si rolle torsdag.

- Kunne ikkje nokon andre gjort det?

- Eg var i Bergen uansett og reiste opp dit for å ta del i prosessen. Eg hadde ingen spesiell rolle ut over at eg var der og tok del i starten på søket.

- Er du ferdig med saka no?

- Nei, eg er ikkje riktig ferdig enno, seier Thune.