Hopp til innhold

- Godt å få eit punktum

Familien til Charlotte Moene var søndag føremiddag ved Årdalsvatnet der 17-åringen vart funnen.

Ingegerd Moene
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Dei fekk instruksjon av leitemannskapet om korleis utstyret fungerte og fekk sjå kvar ho vart funnen, fortel familien sin kontaktperson, Helge Rørvik.

- Eg trur det gjorde litt godt, held Rørvik fram.

- Godt og vondt

Den 17 år gamle Charlotte Moene vart meld sakna 9. juli då ho ikkje møtte opp til ein avtale i Årdal. Etter søk i vatn, elv og i skogen, er politiet og samfunnet elles trygge på at det var Charlotte som laurdag ettermiddag vart funnen på om lag 50 meters djupne i Årdalsvatnet. Kvinna vert måndag obdusert ved Gades institutt i Bergen.

- Det sette i sving mange kjensle hjå familien og samfunnet elles. Det var både tungt og godt. Samstundes som det var ei tung melding å få, så var det godt å få visshet om at ho var funnen, seier Rørvik.

- Godt å få grav å gå til

Rørvik var laurdag ettermiddag hjå familien.

- Vi fekk tidleg teikn på kva som hadde skjedd då dei fann kleda i fossen. Likevel kunne ein aldri vere sikker sidan ingen fann henne. Familien fekk tilbod om ei grav å gå til, men gjekk heller til vatnet der dei trudde ho var. Det betyr veldig mykje for dei at dei no får ei grav å gå til, seier han.

Ville ha punktum

Det er blitt søkt i fleire bolkar sidan Charlotte forsvann. Også synske har vore inne i saka.

- Det har vore ei utruleg tung tid, men familien har vist ein utruleg styrke. Dei slo seg ikkje til ro med eit komma, men ville ha eit punktum i saka, fortel Rørvik.

Takkar bygda

- Dette har vore heile bygda sin leiteaksjon og alle har støtta opp på ein fantastisk måte, held Rørvik fram og siktar til aksjonen som samla inn nær 900.000 kroner til leitearbeidet.