NRK Meny
Normal

Protesterer mot kraftlinje, men vil sjølve byggje kraftverk med store naturinngrep

Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger står sjølve bak småkraftutbygging som vil føre til store naturinngrep i området.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

BYGGJER SJØLVE KRAFTVERK: Nokre av grunneigarane i Myklebustdalen. Frå venstre Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er dei same grunneigarane som har saksøkt staten for å unngå at Ørskog Fardal-kraftlinja blir lagt gjennom dalen.

Grunneigarane i Myklebustdalen møter seg sjølve i døra, seier Hans Lote. Han er advokat for grunneigarane i Førdedalen som fryktar at Ørskog Fardal-linja blir lagt dit.

– Eg synest det høyrest snålt ut, sett i høve til den store motstanden det har vore mot inngrep på annan måte, som til dømes denne linja.

Myklebustdalen

HALVFERDIG: Slik såg det ut i Myklebustdalen då anleggsarbeidet vart stansa.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

– Veldig store naturinngrep

Grunneigarane har argumentert sterkt for at kraftlinja gjennom Myklebustdalen vil bli øydeleggjande for naturen, men no viser det seg at grunneigarane sjølve står bak eit småkraftverk i området som vil føre til vesentlege naturinngrep.

Marino Ask

- STORE NATURINNGREP: Leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Foto: Privat

Dei har fått konsesjon til bygging av Sætredalen kraftverk, noko som vil vil innebere oppdemming av vatn, redusert vassmengde i fossar og opparbeiding av anleggsveg, røyrgate og linjeføring.

– Dette er veldig store naturinngrep, seier Marino Ask, som er leiar i Sogn og Fjordane Turlag.

I turlaget sitt høyringsinnspel i samband med saka skriv dei melleom anna følgjande: "Sætredalen kraftverk har nær sagt "full pakke" av store naturinngrep".

Vidare heiter det: "Dette er ei lita utbygging med ei storutbygging sin inngrepsprofil. Av dei over 30 småkraftutbyggingane i Sogn og Fjordane vi har vurdret dei siste åra, er dette den utbygginga som har dei største naturinngrepa".

– Kan ikkje samanliknast

Advokat Bjørn Tore Steffensen, som representerer grunneigarane i Myklebustdalen, meiner på si side at småkraftverket vil medføre langt mindre naturinngrep i området enn Ørskog Fardal-kraftlinja.

– Eg trur ikkje ein skal ta til å samanlikne inngrepa i det å legge ei 420 kilovolts kraftlinje gjennom Myklebustdalen med det småkraftverket som grunneigarane har søkt og fått konsesjon til. Eg kan ikkje sjå at dei møter seg sjølv i døra.

– Men turlaget hevdar i høyringsfråsegna si at småkraftverket vil medføre "full pakke" av store naturinngrep?

– At det vil bli naturinngrep av eit småkraftverk er vel alle samde om. Men dersom ein samanliknar det med dei inngrepa som allereie har funne stad i Myklebustdalen, mellom anna med bygginga av trafostasjonen, der ein har sprengd ut og gjort mykje arbeid, går det ikkje an å samanlikne naturinngrepa, seier Steffensen.

– Møter ikkje grunneigarane i Myklebustdalen seg sjøve i døra i denne saka?

– Eg kan ikkje sjå at grunneigarane møter seg sjøve i døra. For å stille spørsmålet tilbake: Skal ein som greinneigar vere avskoren frå å protestere mot eit vedtak som er fatta på eit sviktande faktisk grunnlag fordi i ein sjølv i ei heilt anna sak har fått konsesjon til å bygge småkraftverk?

Protestane førde fram

Nærare 80 personar har vore i arbeid, og det har vore brukt mellom 75 og 100 millionar kroner for å få på plass den viktige Ørskog-Fardal-kraftlinja gjennom Myklebustdalen.

Men dei iherdige protestane til grunneigarane har ført fram. Gulating lagmannsrett gav dei medhald i at trasévalet vart gjort på sviktande grunnlag, og alt anleggsarbeid er stansa.

Marino Ask i turlaget håper grunneigarane som står bak småkraftverket legg vekk planane sine.

Ville ikkje ha naturreservat

Det høyrer også med til historia at grunneigarne var imot at det skulle opprettast eit naturreservat i det området Ørskog Fardal-lina skulle gå gjennom Myklebustdalen. Grunneigarane viste til at bandlegging av arealet gjer at dei ikkje kan drive næringsverksemd der, noko dei meiner er uheldig.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.