Mellom tre og fire tusen frå kvar husstand vil berge både skular og helse- og sosialtilbod i kommunen.
Gaular kommune må kutte tre millionar i eit alt botnskrapa budsjett. Situasjonen er svært alvorleg fordi kommunen med 2.700 innbyggjarar i fjor måtte skjere vekk tenester for sju millionar kroner. No står nye omfattande kutt i skulesektoren og innan helsetenestene for tur. Men det har fått bygdefolket til å reagere. No vil dei bruke pengar av eiga lomme for å berge skule og velferdstilbod.
Også i dei andre bygdene vil innbyggjarane betale av eigne pengar for å oppretthalde tilbod. Haga seier skulane er så viktige at ho ikkje trur folk vegrar seg for å bla opp tusenlappar til kommunen sitt budsjett.
Audmjuk ordførar
Ordførar i Gaular, Jenny Følling, skal saman med resten av kommunestyret ta stilling til millionkutta i dag. Ho seier ho er audmjuk etter å ha vore på folkemøte i alle dei tre sokna i kommunen.
Men senterpartiordføraren seier det er noko alvorleg gale når innbyggjarane sjølve må betale for grunnleggande velferdstilbod.