Hopp til innhold

Bygdefolket i glas og ramme

I over tre månadar har fotograf Helge Grønningsæter reist rundt for å fotografere innbyggjarane i Vik. No heng resultatet på veggane i kommunen sitt nye hotell.

Seljedalen, Åse og Fosse

NATUR VIKTIG: Grønningsæter seier val av bakgrunn var viktig, og sikta etter mest mogleg natur, for å sette bileta inn i ein samanheng. Her folk frå Seljedalen, Åse og Fosse, teke på Åse.

Foto: Helge Grønningsæter

– Det har vore mykje arbeid. Eg byrja 15. juni og heldt på til slutten av september, fortel Helge Grønningsæter.

Han har dokumentert folk i Vik. Litt under 2700 personar bur i kommunen, men kor mange som har vore med på bileta har fotografen ikkje turt å telje.

– Vi har teke Vik tettstad og tre dalføre. Vangsnes, Arnafjorden, Feios og Fresvik står framleis att, fortel han.

Tenold og Seljestokkane

ALLE ALDRAR: Folk frå Tenold og Seljestokkane stilte opp til bilete.

Foto: Helge Grønningsæter

– Vêret skapte problem

Prosjektet er eit samarbeid med Vik lokalhistoriske arkiv, og målet er å fotografere alle personane i kommunen. Opplegget er inspirert av eit liknande prosjekt i Jølster, som fotograf Oddleiv Apneseth gjennomførte i 2008. Å få flest mogleg til å vere med på bileta har vore målsettinga, men det har vore utfordrande.

– Vêret har vore eit problem. Å følgje med på Yr vart ei viktig sak, og det gjekk stort sett bra. I tillegg tok planlegging og val av bakgrunn tid. Eg valde mest mogleg natur, for å sette bileta inn i ein samanheng, seier Grønningsæter.

Dei som har vore på utstillinga har likt det dei ser, og alle kan får bilete i A4 format. Inntektene går til Vik Røde Kors.

– Det var veldig fint, fordi det var lyse og fine lokale på det nye hotellet. Eg var godt nøgd. Artig å sjå. Det var tilfredsstillande å sjå.

Helge Grønningsæter

FORKLARAR: Helge Grønningsæter peikar og forklarar eit av bileta han har teke til utstillinga.

Foto: Per M Kleven

Viktig dokumentasjon om 100 år

Fotografen trur materialet blir viktig. Bileta er til glede for dagens innbyggjarar, men fotografen trur også dei blir viktig dokumentasjon om 50–100 år.

– Folk vil få ein god dokumentasjon på ganske mange av folka som bur her. Slik såg dei ut då og kan gjere sine eigne refleksjonar. Det som har vore fint er at du har dei heilt små og dei gamle som kjem med rullator. Du får heile breidda, frå ung til gammal. Allereie no er det nokon som har falle frå av dei som var med på bileta. Det er litt fint å ha det dokumentert, familiar og naboar i saman.

– Kva respons har du fått?

– Det har blitt teke godt imot av dei som var på utstillinga. Eg har laga til to permar med bilete i A4 som folk kan få tak i. Inntektene skal gå til Vik Røde Kors, sidan dette er eit dugnadsprosjekt.