Hopp til innhold

Bygde nytt fjøs til åtte millionar

GLOPPEN (NRK): Kyrne til Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad og kona Karoline Bjerkeset har nett flytta inn i heilt nytt fjøs til vel åtte millionar kroner. Der blir dei mjølka av ein robot.

Det nye fjøset til Gloppestad

LETTVINT: I det nye fjøset er det ny, moderne teknologi som gjer fjøsstellet lettvint.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– No har vi betre tid til kontakt med og oppfølging av dyra, seier Leidulf Gloppestad, som er nøgd med det nye fjøset.

Bygget har kosta dei fleire millionar, og har robotar som mjølkar, fôrar og pyntar opp for kyrne. Gloppestad tok over garden i 2007, og det gamle fjøset var slite.

– Vi stod framfor to val. Anten legge ned eller bygge nytt, seier kona Karoline Bjerkeset.

Kona har ikkje vakse opp på gard, og hadde lite erfaring frå før. Men ho var pådrivar for å få det nye fjøset på plass, og lærer meir og meir om gardsdrifta.

Robotane i Gloppen

ROBOTAR: Sjå korleis mjølkeroboten og skraperoboten verkar. Foto/Redigering: Marte Iren Trøen

Høgtideleg fjøsopning

Då fjøset stod klart kom både fylkesordføraren og bondelagsleiaren for å vere med på ei høgtideleg opning før dyra flytta inn. Då var det feiring med bålpanne, kake og kaffi inne i fjøset, og den som ville kunne komme og sjå på dei moderne løysingane.

– Det er jo eit trefjøs, og bondelagsleiaren saga over lekta i porten her, og då var fjøset offisielt opna, fortel Gloppestad.

Robotar gjer eit viktig arbeid

– Mjølkeroboten er den viktigaste. På sikt skal mjølkinga gå heilt av seg sjølv. Og så har vi ein skraperobot som går over og pyntar opp på golvet. Det er litt som eit dataspel å plotte inn ruter og programmere alle robotane, fortel Karoline Bjerkeset.

Moderne kontrollrom

FULL OVERSIKT: I dette vesle rommet kan dei følgje med på kyrne. Her ser dei blant anna kor mykje mjølk kyrne produserer.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Mykje av det daglege stellet i fjøset går av seg sjølv, men fôringa må framleis gjerast manuelt. Sjølv om dei brukar like lang tid i fjøset no, er det blitt mykje meir lettvint.

– Ein blir meir fleksibel med desse løysingane og kan vere meir til stades for familien. Det er ikkje kjekt for ungane våre å vekse opp med ein far som går i fjøset seks om morgonen og seks om kvelden kvar dag, seier Gloppestad.

Stor pengesum

I slutten av mai starta gravinga på garden, og vel eit halvt år seinare står bygget klart.

– Det er gode investeringsordningar i fylket, og vi fekk to millionar frå Innovasjon Norge. Utan dei pengane hadde ikkje dette vore mogleg, seier Karoline Bjerkeset.

I dag har dei ein produksjon på 193.000 liter, men målet på sikt er å komme seg opp på om lag 300.000 liter mjølk. Og då meiner Bjerkeset at investeringane i det nye fjøset vil hjelpe dei på vegen.

Nøgde Gloppen-kyr

NØGDE: Dei nyinnflytta kyrne verkar nøgde med ny heim, trass i at dei ikkje heilt er vand med robotane enda.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Dyrevelferda er viktig for oss. Når dyra har det godt, produserer dei meir mjølk, og då kan vi også tene pengar, seier Bjerkeset.