– Vi kjem oss ingen stader og har eit ras framfor oss, seier Tomas Ødegård.
Sjølv sit han på den eine bussen, som var på veg til Bergen. Totalt skal om lag 400 passasjerar vere innesperra.
– Vi skulle i utgangspunktet ta Bergensbanen, men den vart stoppa på Geilo – og dermed måtte vi over i bussar, forklarer ødegård.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Bussane står no fast i Aurlandsvangen på grunn av ras. Etter det NRK.no forstår, vert Sogneporten opna, slik at passasjerane får seg mat.
NSB betaler både mat og hotellovernatting for dei mange reisande.
Stod fast i Balestrand og Jølster
Også ved Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand stranda ein buss måndag kveld.
– Vi hadde ein rutebuss med fem passasjerar om bord som vart ståande på fast på veg utover mot Høyanger. Bussen stod mellom to ras, og vart ståande i fleire timar. Men etter kvart fekk ein losa bussen forbi det eine raset og den køyrde tilbake mot Balestrand, opplyser Peter Midthun, adm. dir. i Firda Billag.
I Jølster sat tre bilar ei stund fast mellom ras på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. Også desse vart etter kvart losa trygt ut av området.