Hopp til innhold

Bubilforhandlar gjekk konkurs trass tredobling av salet

Caravan Vest i Gaular vart i går ettermiddag slått konkurs, trass i at bubilsalet i år har fått ein kraftig oppsving.

Bjarte Sunde, Caravan Vest

KONKURS: Dei siste åra har bubilforhandlaren Caravan Vest slite med høg gjeld, no er dei slått konkurs.

Foto: Bård Siem / NRK

Konkursen vert stadfesta av advokat Asbjørn Løvik, som har fått ansvar for buet.

– Det er enno for tidleg å seie noko om bakgrunnen for konkursen. No driv vi og prøver å få ei oversikt over buet, seier han.

Tredobla salet

NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med dagleg leiar Bjarte Sunde. Men det er under to månader sidan han uttalte seg optimistisk på vegner av framtida.

– Det har vore stor pågang på nye bubilar. Vi har tredobla talet selde bilar i høve til tidlegare år, sa han i juli.

Bubilforhandlaren på Skilbrei i Gaular har dei siste åra selt i gjennomsnitt fem bilar i året. Då NRK var på besøk hos verksemda tidlegare i sommar hadde dei allereie passert femten.

Skulda fleire millionar kroner

Rekneskapen til selskapet viser store svingingar i driftsresultata dei siste fem åra. I 2013 hadde dei eit underskot på 453 000 kroner, medan 2012 gav eit overskot på over millionen.

Også i fjor vart det overskot, men den kortsiktige gjelda har stige relativt jamt sidan 2007. Til saman skuldar selskapet over fem millionar kroner, størsteparten til leverandørar og kredittselskap.

Styreleiar i Caravan Vest, Iris Bjørge Rysjedal, ønskjer ikkje å kommentere saka.