Hopp til innhold

BT: Leitar etter rømlingen i Bergen

Politiet trur at fangen som rømte frå ein fangetransport på Vangsnes måndag, oppheld seg i bergensområdet.

Vangsnes ferjekai

RØMDE HER: Mannen i tjueåra klarte å stikke av då han skulle overleverast frå

Foto: ANDREAS BACH

Det melder Bergens Tidende i dag. Til avisa seier lensmann i Vik, Ove Andersen at det er naturleg å tru at han oppheld seg i Bergen.

– Vi har avslutta søket i Sogn og Fjordane. Det betyr at vi ikkje er fysisk ute og leitar etter mannen. No er vi over på etterforsking, sa Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, til NRK måndag kveld.

Det var måndag kveld mannen klarte å stikke av på ferjekaia på Vangsnes i samband med at han skulle fraktast til Vik fengsel etter å ha vore i tingretten i Førde. Han klarte å kome seg forbi politisperringane, stal først nokre klede og deretter ein varebil i Vik.

Etter dette har mannen vore sporlaust vekke.

Ifølgje BT er mannen også under etterforsking for påstått vald mot ekskjærasten, og for å ha blitt teken med falskt pass.

Mannen blei pågripen i Førde sist laurdag med om lag 200 gram hasj, som han hevdar var til eige forbruk. Dette trudde ikkje retten på og gav politiet medhald i fengsling.