Hopp til innhold

Brutal nedgang i handelen etter flaumen

OLDEN (NRK): Butikkar og reiseliv i Indre Nordfjord merkar no for alvor dei negative konsekvensane av eit stengt Utvikfjell. Handelen stupar, og avbestillingane ramlar inn.

Bunnpris i Olden

KRAFTIG NED: Bunnpris i Olden er ei av bedriftene som opplever ein markant nedgang i handelen etter flaumen i Utvik.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi fekk det midt i trynet. No har vi mellom 35 og 40 prosent nedgang i handelen i høve til same perioden i fjor. Det er brutalt, seier kjøpmann André Opheim ved Bunnpris i Olden.

Det har snart gått to veker sidan flaumvatn raserte fylkesveg 60 i Utvik. Sidan har Utvikfjellet vore stengt.

Meiner fornufta må sigre

For mange næringsdrivande i Indre Nordfjord er handelen gjennom sommaren svært viktig for drifta. For kjøpmannen i Olden er august om lag like viktig som juli, og inntektene er tre gonger så store som ein gjennomsnittleg månad.

Opheim legg ikkje skjul på at dersom vegen ikkje vert raskt opna, får det konsekvensar for drifta.

– Det handlar om bemanning, vi må justere utgiftene etter inntektene viss dette held fram. Det er det ingen tvil om, seier Opheim.

No set næringslivet si lit til at Sogn og Fjordane fylkeskommune klarar å opne ein mellombels veg over Utvikfjellet.

– Eg oppmodar dei som kan ta ei avgjerd om å skjere gjennom og få vegen opna. Eg har skjønt det finst løysingar, så då oppmodar eg dei om å definitivt få dette til!

Tryggleiken viktig

Det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd om ei mellombels vegopning. Leiar av samferdsleutvalet, Noralv Distad, har stor forståing for ønskjet om å få opna ein alternativ veg over Utvikfjellet.

– Vi håpar det vil vere mogleg å få til denne løysinga. Det blir arbeidd med dette akkurat no. Eg trur og håpar at det kjem ei rask avgjerd.

Distad legg til at ei mellombels løysing må vere trygg og ikkje forseinke arbeidet med å få på plass den permanente fylkesvegen.

Får indre Nordfjord ei gladmelding før helga tek til?

– Det er viktig at dei som skal ta avgjerda gjer ein grundig jobb, før dei legg fram sin konklusjon.

Får avbestillingar

Lengst inne i Oldedalen opplever Rogeir Haugen i Oldedalen Skysslag mange kanselleringar, og på ganske kort varsel.

– Turoperatørane er fortvila over situasjonen. Dagleg får vi spørsmål om kva som skjer framover. Dei tryglar og ber om gode nyheiter, seier Haugen.

Haugen fortel at det no er opp mot 20 færre bussar i Briksdalen kvar dag.

– Du kan no tenkje deg kva det har å seie for inntektene, både for serveringsstaden og skysslaget, seier Haugen.