Hopp til innhold

Brustad avviser Lønning-kritikk

- Den politiske styringa av helseføretaka skjer heilt ut i samsvar med lova. Det seier helseminister Sylvia Brustad i eit svar til stortingsrepresentant Inge Lønning.

Lønning har kritisert at statsråd Liv Signe Navarsete hadde ein telefonsamtale med Jorunn Ringstad framfor siste styremøtet i Helse Førde.

Brustad svarar ikkje på den kritikken, men skriv at det er vesentleg skilnad på styring og dialog mellom ulike aktørar om aktuelle saker.