NRK Meny
Normal

Brukte varekjøp i Oslo som dekke for narkohandel

Ein mann i 30-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i eitt år og fem månader for kjøp og sal av narkotika.

Fjordane tingrett 11

DOM I NARKOSAK: Mann må i fengsel i stor narkotikasak frå Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I november i fjor blei eit 20-tals personar arresterte i samband med opprullinga av eit narkotikamiljø i Florø. Ein mann i 20-åra og ein mann i 30-åra blei varetektsfengsla.

Mannen har fleire gongar reist til og frå Oslo for å hente hasj og marihuana, og er no dømd i saka som omfattar til saman 3,1 kilo marihuana og to kilo hasj.

Fleire turar

Mannen i 30-åra har delvis vedgått det han er dømd for. Han forklart at våren 2014 køyrde tre turar til Oslo for ein annan person for å kjøpe matvarer til ein butikk i Florø.

I samband med den tredje turen har han forklart at han blei beden om å ta med to kilo marihuana til Florø. Då florømannen, møtte kontaktpersonen i Oslo, fekk han i tillegg 900 gram hasj som han skulle ta med til oppdragsgivaren i Florø.

Oppdragsgivaren i Florø har på si side fortalt at den dømde tok kontakt i samband med at ei gammal narkotikagjeld skulle gjerast opp, og at leveranse av narkotika til Florø. Han har og forklart seg om fleire turar og større mengder hasj og marihuana.

Forklarte seg ulikt

Dei to har forklart at mannen i 30-åra har frakta narkotika for oppdragsgivaren i Florø, men har forklart seg ulikt om talet på leveransar, mengde og den dømde si rolle i saka.

Retten har kome til at når det gjeld 1,1 kilo marihuana, har den dømde mannen i 30-åra vore hovudmannen. Når det gjeld resten av tiltalen på to kilo hasj, og to kilo marihuana, kan retten ikkje sjå bort frå at den dømde berre har vore mellommann som på vegner av andre har frakta narkotika.

Han blir likevel dømd for omgang med til saman fem kilo hasj og marihuana. Dommen er på eitt år og fem månader fengsel, der 154 dagar i varetekt går til frådrag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser