Hopp til innhold

Forretningspartnarar fengsla i omfattande narkosak i Florø

Dei to som politiet reknar som hovudmennene i den omfattande narkosaka i Florø, har sidan 2013 vore forretningspartnarar. No er begge varetektsfengsla.

Politibil

OMFATTANDE SAK: Politiet i Florø har innleia ei omfattande etterforsking mot eit bestemt miljø som dei meiner står bak omsetning av narkotika.

Foto: arkiv / NRK

Ifølgje offentleg tilgjengeleg informasjon frå mellom anna Brønnøysundsregistrene og Proff Forvalt, starta dei to eit selskap i lag 22. mai i fjor.

Gjennom denne verksemda har dei, saman med fleire andre drive forretningsverksemd med base i Florø sentrum. Denne verksemda har på litt over eit år pådrege seg ei inkassogjeld på over 213.000 kroner, mellom anna frå det offentlege.

Nyleg vart det oppretta ei ny verksemd på den same adressa, der berre den eine av dei to er oppført som styremedlem. Dei to verksemdene har vore knytt opp til ein serveringsstad i Florø, som no er stengd.

Fengsla i fleire veker

Dei to som er fengsla er ein mann i trettiåra med utanlandsk opphav og ein mann i slutten av tjueåra frå Sunnfjord.

Førstnemnde er varetektsfengsla fram til 24. oktober, medan sistnemnde kan haldast i varetekt fram til 8. november. Det har Fjordane tingrett avgjort.

NRK har torsdag kveld gjort fleire forsøk på å få i tale dei andre som er engasjert i dei ulike verksemdene, førebels utan å lukkast. Forsvararane for dei to fengsla har heller ikkje vore tilgjengelege.

Fleire typar narkotika

Det var Firdaposten som først fortalde om den omfattande narkoaksjonen i kystbyen, der eit tjuetals personar vart pågripne.

– Dei er sikta for bruk, oppbevaring og sal av narkotika. Vi har beslaglagt fleire typar narkotika under aksjonen. Dessutan er to personar er varetektsfengsla i høvesvis to og fire veker, sa politistasjonssjef i Florø, Robert Veseth, til NRK onsdag.