Avtroppande styrar på Kystmuseet i Florø, Kristian Jansen, reagerer sterkt på denne prioriteringa.
- Med dei få midlane som finst i skulen i dag, så er det klart at skulane vel dei musea som kan betale bussreisa. Vi opplever at folk frå distriktet rundt Florø seier dei gjerne vil på Kystmuseet, og spør om vi kan betale bussreisa deira. Når vi seier vi ikkje har pengar til det, så kjem dei ikkje. I staden dreg dei til Nordfjord, seier Jansen.
Einaste museet i fylket
Nordfjord Folkemuseum vart som det einaste museet i fylket plukka ut av Kulturdepartementet til å vere med på eit prosjekt for å få fleire elevar til å besøke musea. Målet var å auke med minst fem tusen elevar i løpet av året, og det klarte dei på Sandane. Elevbesøket auka frå 725 elevar i 2002 til 6019 elevar i fjor.
Resten skal brukast på styrking
Dermed får museet ein halv million frå "Den kulturelle skulesekken" kvart år framover. Og då kan ein forsvare å bruke halvparten til skyssutgifter det første året, meiner styrar Aslaug Nesje Bjørlo.
- For å nå målsettinga valde vi å bruke midlane til skyss, og det har vore gjort av veldig mange av dei andre musea i landet også, seier ho. Nesje Bjørlo understrekar at stadig meir av pengane no vert brukte til å styrkje innhaldet og kvaliteten i "Den kulturelle skulesekken".
- Negative konsekvensar for dei andre musea
Kristian Jansen
Kristian Jansen på Kystmuseet meiner at Kulturdepartementet si prioritering har sett dei andre musea i fylket i ein fortvila situasjon. - Når vi andre seier at vi treng pengar, så seier departementet at dei har sett av så mange millionar til musea at no må de vere snille og teie stilt. Men saka er at vi får jo ikkje del i desse pengane. Dei pengane som kjem til det eine museet kjem veldig godt med der dei kjem, men det har negative konsekvensar for oss andre, seier Jansen.
Aslaug Nesje Bjørlo understrekar at Nordfjord Folkemuseum ikkje har betalt skyss til elevar utanfor museets ansvarsområde.