NRK Meny
Normal

Brukar ferien som frivillig hjelpearbeidar i Nepal

MÅLØY (NRK): 16 år gamle Emma Fønstelien frå Vågsøy skal bruke sommarferien sin og pengane sine til å hjelpe born i Nepal.

Emma Fønstelien

HJELPER ANNDRE: Emma Fønstelien er frivillig hjelpearbeidar i sommarferien.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg hadde veldig lyst å gjere noko i sommar for å hjelpe andre, seier Fønstelien når NRK snakkar med ho før avreisa.

Med to koffertar fulle av brukte barneklede og leiker reiste ho fredag av garde til Nepal.

– Eg har hatt lyst til å gjere dette heilt sidan eg var liten, og no når eg endeleg er gammal nok så tar eg sjansen.

Før avreisa til Nepal la 16-åringen ut ei annonse på Facebook.

– Eg tenkte som så at barneklede er noko mange har. Babyar veks ganske fort, så det blir ofte mykje klede til overs. Responsen på annonsen var stor, så no har eg mykje barneklede som eg kan ta med meg, seier, Fønstelien.

Innsamling til born i Nepal

KOFFERTEN FULL: Leiker og barneklede er med i kofferten til Nepal.

Foto: Privat

Del av eit større prosjekt

Fønstelien reiser som ein del av «ProjectsAbroad» eit internasjonalt program som driv hjelpearbeid over heile verda. Som frivillig hjelpearbeidar i Nepal skal Fønstelien vere med på fleire ulike prosjekt.

– Den første veka skal eg vere med å male ein skule. Dei to neste vekene skal eg lære borna engelsk og lære dei om hygiene.

– Du er ganske ung, er det ikkje tøft å gi seg kast med noko slikt?

– Eg er ganske vand med å reise, og eg føler at vi vert godt i varetekne så eg gruar meg heller ikkje. Det skumlaste har eigentleg vore alle sprøytene eg måtte ta før eg skulle reise, ler 16-åringen.

Ny ferietrend

Dei seinare åra er det mange som har kjent seg ferdige med pakketurar og museumsvandring. I staden søker dei nye opplevingar der dei kan bidra og hjelpe andre , sjølv om ikkje alle reiser like langt som Emma Fønstelien.

– Eg trur stadig fleire ser at det er mogleg å hjelpe. Eg trur og at det er blitt enklare å dra ut fordi fleire organisasjonar no har tilbod til folk som vil reise ut fot å hjelpe andre, seier vågsøyjenta.

Sjølv kom ho over sida til organisasjonen som ho reiser for på Instagram.

– Når sosiale medium no er blitt så vanleg å bruke, så er det også lettare finne slike organisasjonar. Eg syntest at det eg såg på sida til «ProjectsAbroad» såg kjekt ut, og dette er noko som eg alltid har hatt lyst til å gjere, seier Fønstelien.

– Er dette noko du trur du kan tenke deg å gjere også seinare også?

– ja, dette er absolutt nok eg kan tenke meg å fortsette med. Eg er svært glad i jobbe med ungar og har lyst til å jobbe med noko som kan hjelpe andre, seier Fønstelien.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.