Hopp til innhold

Brrr... kaldaste morgon hittil

Sogn og Fjordane fekk ein kald start på veka. Aller kaldast var det på Filefjell. Der viste gradestokken 21 minusgrader.

Morgon på Filefjell

KALDT: Morgon på Filefjell. Her var det 21,3 kalde grader kl. 05.00.

Foto: Jan Christian Jerving

Måndag sjuande november vakna Sogn og Fjordane til minusgrader mange stader. Særleg kaldt var det på Sognefjellet og Filefjell der gradestokken viste over tjue minusgrader. Vêret har mange stader vore klart, og Frode Hassel har tru på liknande vêr og utover i veka.

– Det blir mykje fint vêr utover, så kan det skye litt over mot slutten av veka. Også temperaturane vil nok halde seg kalde, iallfall fram til helga. Då kan det bli litt mildare.

Uvanleg kaldt

Det er ikkje berre på høgfjellet at det vart ein kald start på veka. I Øvre Årdal viste gradestokken fire minusgrader måndag morgon, Sandane lufthamn hadde tre minusgrader, i Dale var det heile sju minusgrader og i Sogndal og Førde var det seks minus.

Trass tjue blå grader på fjellet og kaldt også elles i fylket, er det framleis berre haust. Det er ikkje vanleg tidleg i november.

– Det er framleis så tidleg på vinteren at det er ikkje så veldig vanleg. Eigentleg er det framleis berre haust, men det hender jo av og til.