Hopp til innhold

Brøytar dag og natt for at du skal komme fram

Per Hilleren er vanlegvis leiar i Sogn og Fjordane bondelag, men no om vinteren står han opp klokka tre kvar morgon for lempe unna snø og is for at vi andre skal kome oss trygt fram.

Per Hilleren

GRYTIDLEG: Per Hilleren ligg ikkje i senga til langt på dag, han står opp før klokka er tre på natta for å brøyte vegane.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

– Her er det ikkje hjelp i å ligge å ha det godt i senga. Her er det om å gjere å kome seg opp og ut i snøkavet, utbryt Hilleren.

Kvar morgon i 14 dagar har bonden vore ute tidleg om morgonen med traktoren for å brøyte vegar og parkeringsplassar i Sogndal kommune. Han må nemleg ut så tidleg for at dei som skal på arbeid til vanleg tid kjem seg fram.

–Vegen skal vere farbar til trafikken begynner om morgonen, så da må eg begynne i tretida om morgonen. Eg er ferdig til klokka ni, då har eg normalt tatt det eg skal og har gjort mitt dagsverk.

Store mengder snø

Som vi veit har det komme store mengder snø på utsette plassar i det siste. I Sogndalsdalen har det snødd jamt dei siste to vekene, så Hilleren og andre brøytebilsjåførar har hatt nok å gjere.

–Det har gått i eit banka køyr heile tida altså, eg kan ikkje hugse at vi har hatt så mykje snø i desember månad nokon gong, fortel Hilleren.

Det er ufattelege mengder med snø som har kome ned på kort tid her!

Per Hilleren / Brøytebilsjåfør

Torsdag morgon var NRK ute saman med Per Hilleren for å brøyte parkeringsplassen ved Hodlekve skisenter. Sist laurdag vart det målt ein og ein halv meter med snø i same område, Hilleren meiner det er om lag like store mengder denne morgonen.

Traktor med brøyt

V-PLOG: Med denne John Deere traktoren ryddar Hilleren veg for deg.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Tar lite omsyn til brøytemannskapet

For at brøytemannskapet skal få gjort jobben sin er det noko vi bilistar må tenke på. Når du ser dei oransje varsellampene blenkar, bør du vere forsiktig om du skal passere.

– Trafikken bryr seg av og til litt for lite om dei som driver med snørydding. Eg har vore i nokre situasjonar der marginane er små, så eg håpar folk heller kan ta det litt roleg når dei passerer.

Noko som også irriterer Hilleren, er når folk parkerer bilane på plassar som gjer brøytejobben vanskeleg.

– Det har vore nokre gongar eg ikkje har kome fram på grunn av folk parkerer på plassar som sperrar for trafikken, og det irriterer meg, seier han.