Hopp til innhold

Brødrene Aa frå Hyen vann Mangfaldspris

– Det var mange sterke kandidatar, men desse to verksemdene hadde det vesle ekstra som skilde dei ut som verdige vinnarar, seier juryleiar Lubna Jaffery. I dag vart prisen overrekt til verksemda i Hyen.

Vinnara av Mangfaldsprisen

VANN PRIS: Frå venstre: Viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad, HR/HSEQ leiar Synne Oppheim, juryleiar region vest Lubna Jaffery, varaordførar i Gloppen kommune Magni Aa-Berge, jurymedlem region vest Alfred Bjørl og produksjonsmedarbeidar Arnulf Aa i Brødrene Aa.

Foto: Pressefoto

Mangfaldsprisens regionale kåring for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er statens utmerking til verksemder for framifrå bruk av innvandrarars kompetanse i arbeidslivet.

– Hos Brødrene Aa får tilsette karriereutvikling uansett bakgrunn. Dei har tilsette frå 12 ulike nasjonalitetar. Dei har kome til Noreg som arbeidsinnvandrarar eller som flyktningar. Fleire er i leiande stillingar eller har nøkkelposisjonar som for eksempel ingeniør.

– Verksemda tar i bruk kompetansen som finst i lokalsamfunnet og viser gjennom handling at dei verdset mangfald, seier Jaffery om kvifor Brødrene Aa vann prisen.

Det var i kategorien for mellomstore/store verksemder at Brødrene Aa frå Hyen skilde seg ut og til slutt tok sigeren i den regionale Mangfaldsprisen og fekk overrekt prisen onsdag føremiddag.

I kategorien for små verksemder var det KIWI Joa på Sola i Rogaland som vann pris.

Brødrene Aa går no vidare til den nasjonale prisutdelinga og kjem til å konkurrere mot vinnarar frå heile landet. Dei nasjonale prisane vert delt ut på regjeringa si integreringskonferanse 24. september. Då vil Kunnskaps- og integreringsministeren avsløre kven som til slutt kjem opp på pallen og får den gjævaste nasjonale prisen.