Hopp til innhold

Brochmann berga Sogndal på overtid

Med si første scoring for Sogndal Fotball, sytte Tony Brockmann Christensen for eitt særskilt viktig poeng.

Sogndal - Strømsgodset

KEEPERDUELL: Sogndals Kenneth Udjus stig til vers og forstyrrar Godset-keeper Adam Larsen Kwarasey nok til at han berre får stussa ballen vidare til målscorar Tonny Brochmann Christensen ved bakarste stolpe.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kampen var inne i tilleggstida då Tore Andre Flo kjempa seg til corner.

Godset-keeper Adam Larsen Kwarasey prøver å bokse ballen vekk, men bommar og styrer den berre vidare til innbytar Brochmann Christensen som stangar ballen i nettmaskene.

– Eg har hatt ein del store sjansar til no, så det var digg å få dette målet, seier den 1,74 meter høge dansken som sytte for 1-1 på Fosshaugane.

Berre å sette inn

Tonny Brochmann Christensen

HELTEN: Tonny Brochmann Christensen scora sitt første mål i Sogndal-trøya.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Målet utlikna Mohammed Abu, på lån frå Manchester City, sitt perlemål etter 55 minutt. Gjestene var i angrep, då Sogndal braut og kontra.

Utlikninga vart ikkje like flott som Abu sitt skot frå 30 meter i krysset. Men viktig var den.

– Eg stilte meg på streken og håpa på ei forlenging. Så var eg så heldig at ballen landa der eg stod. Då var det berre å sette den inn, seier 22-åringen og håpar på fleire mål i framtida.

– Høgare enn Flo

Trenar Harald Aabrekk var i det humoristiske hjørnet etter kampen, og samanlikna målscoraren med Jostein Flo.

– Eg veit ikkje. Deira høgaste fjell er vel 160 meter høgt? Han er Danmarks Jostein Flo. Han er faktisk høgare enn Jostein Flo sett i høve til fjella vi har i Norge og Danmark, ler han.

Møllehøj er Danmarks høgaste naturlege punkt med sine 170,86 meter. Til samanlikning er Galdhøpiggen Norges høgaste fjell med 2 469 meter.

Skremde keeper

Ein langt høgare spelar som spelte ei sentral rolle i scoringa, var keeper Kenneth Udjus. Eitt mål under og med berre minutt att av kampen, storma han inn i boksen til gjestene.

Udjus visste veldig godt kva oppgåve han skulle ta.

– Eg forstyrra keeper. Det er berre å hoppe litt tidleg, så blir han redd. Stor er eg også, flirer han og legg til:

Avgjerande

– Såg du kor redd han vart då han såg den svære kyllingen her komme opp. Klart han blir redd og bommar på ballen då, ler Udjus og siktar til bommen til Ghanas landslagskeeper, Larsen Kwarasey.

Poenget løfta Sogndal forbi Fredrikstad på tabellen. Sogndal har no 29 poeng, åtte poeng meir enn Start under streken.

– Udjus var heilt sentral i at Tonny fekk score, forsikrar Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Bad om løyve

Den tidlegare Brann-keeperen måtte likevel be om trenaren si velsigning før han la på sprang over fotballbana i sluttminutta.

– Eg var klar heile vegen til å springe, men var ikkje sikker på om Harald Aabrekk skulle skyte av meg hovudet om eg sprang opp. Difor måtte eg forhøyre meg først, ler Udjus.

Fekk sms frå sjefen

I Godset-leiren var det dempa stemning etter kampen. Det som kunne blitt drammensarane sin andre bortesiger for sesongen, og andre siger på siste ti kampar, enda i poengdeling.

Ghanesiske Abu var misnøgd med poengdeling, men kunne gle seg over scoringa. Ei scoring som også sjefane i Manchester hadde lagt merke til.

– Eg trur dei må ha sett kampen. Eg fekk nett ei tekstmelding der dei gratulerte meg med ei flott scoring, seier 19-åringen.

– Det er dumt

Det vart ingen stor kamp mellom Sogndal og fjorårets cupmeister. Gjestene dominerte spelemessig, og det var også dei som fekk den første store sjansen.

Ronny Deilla

MISNØGD: Godset-trenar Ronny Deila hadde lite å juble over etter poengdelinga på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Diverre for drammensarane makta ikkje Stefan Johansen å sende ballen i mål då han etter ti minuttars spel får stå heilt upressa ved straffemerket.

– Det er ikkje surt. Det er dumt. At det går an. Vi er klart best i kampen. Dei skaper null sjansar i 93 minutt. Og den gir vi til dei. Det er ikkje vits å seie noko meir enn det, seier ein frustrert og skuffa Godset-trenar Ronny Deila.

– Gjer miniputtfeil

Deilla var lite nøgd med å sjå spelarane miste poenga på overtid. I trekka før utlikninga til Sogndal prøvde Fredrik Nordkvelle å halde på ballen ved hjørneflagget etter corner.

Strømsgodset fekk ny corner som heimelaget utnytta til det fulle.

– Når du gjer dumme feil som miniputtar, så blir det slik. Vi har eigen daudball, får kontring i mot og corner i mot. Då fortener du å miste poeng. Frå å vere ein hyggjeleg tur over fjellet, så blir det ein kjedeleg tur, resignerer Deilla.

Burde vunne

Medan stemninga var letta i heimegarderoben etter kampen, var det dertil dystert i gjestegarderoben.

– Vi får eitt poeng, men det er ei veldig bitter kjensle når vi burde unngått den corneren og baklengsmålet. Eg føler vi burde vunne 1-0, seier kaptein Alexander Aas og konstaterer at toget om fjerde og femteplassen no er gått.

Nedjustert målsetjingmålsetnad

Målsetjinga var 49 poeng. Etter turen til Sogndal, vart denne nedjustert til 42 poeng.

– Målet er å bli betre enn i fjor. Då hadde vi 42 poeng. No har vi 38 med dette eine poenget. Vi må ha to av dei fire siste kampane, seier Godset-kapteinen.