Hopp til innhold

Bremsedelar funne på Rv15

Metallbitane du ser på biletet er delar av ei bremseskive frå eit tyngre køyretøy. Dei var funne i Oppstryn, i nedstiginga frå Strynefjellet denne veka.

Bremsedelarfunne på veg ned frå Strynefjellet

DELAR AV BREMSESKIVE: Det er grunn til å tru at bremsene på køyretøyet ikkje verka optimalt etter at desse bitane fall av.

Foto: Statens vegvesen

Overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen seier at det stadig blir funne bitar av bremseanlegg i bakkane ned frå Strynefjellet. Bitane vi ser på biletet var det folk som bur på Skåre i Oppstryn som fann i Skårebakkane.

– På ein del køyretøy blir det veldig høge temperaturar på bremsene når dei kjem til botnen av bakken. Då vil delar som er i dårleg stand sprekke sunde og falle av. Vi har og funne bremseklossar som det berre har vore metallplata att av.

Då Statens vegvesen hadde kontroll der i går fekk dei overlevert bitane.

– Om bremseskiva høyrer til ein lastebil eller ein buss er ikkje godt å vite. Iallfall er det mindre bremseeffekt på køyretøyet enn det skal vere. Og slike funn syner at kontrollane vi gjennomfører er svært viktige for trafikktryggleiken, seier Henjesand.

Kontrollørane til Statens vegvesen prøver med alle kontrollane sine å luke ut farlege køyretøy.

– Dessverre fangar vi ikkje opp alle. Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra bremsefeilen, og at det ikkje held fram med å køyre rundt på vegane med anten 50 passasjerar eller 50 tonn last, seier Svein Arne Henjesand.