Hopp til innhold

Bremer avviser brot på Soria Moria

Stortingsrepresentant Tor Bremer avviser at nedlegging av føde-, akutt- ortopeditilbod er brot på Soria Moria-erklæringa.

Tor Bremer

IKKJE BROT: - Det er ikkje brot på Soria-Moria å legge ned føden i Eid og Lærdal, seier stortingsrepresentant Tor Bremer (Ap).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Trass valløfter om at lokalsjukehusa skal bestå, er 12 lokalsjukehus i Norge under kraftig press frå helseføretaka.

Berre i Sogn og Fjordane er føde-, akutt- og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal nedleggingstruga. Stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, avviser tidlegare partifeller sine skuldingar om både løftebrot og brot på Soria Moria-erklæringa.

- Det den seier er at alle lokalsjukehus skal bestå, men det blir andre oppgåver der. Nokon må gjere andre ting enn i dag, seier Bremer.

- Eit svik

Sjukehusstriden i Norge har kosta partiet fleire lokalpolitikarar. I haust melde samtlege tillitsvalde i Selje seg ut av partiet i protest.

Dei hevdar sentrale politikarar i moderpartiet har brote løfta frå valkampen.

- Eg trur folk ser på det som eit svik og at ein ikkje kan stole på partiet i det heile i den saka. I denne saka oppfatter eg det som at Arbeiderpartiet er sin største fiende. Dei er i ferd med å øydeleggje seg sjølve innvendig, seier Ottar Nygård, utmeld Ap-politikar.

- Ikkje brot

Styret i Helse Førde og administrasjonen i Helse Vest føreslår å redusere tilboda i Nordfjord og Sogn.

Bremer meiner dette ikkje er brot på Soria Moria-erklæringa.

- Det er ikkje noko nasjonalt vedtak om kva eit lokalsjukehus skal innehalde. Kort og godt fordi det kan vere stor variasjon frå ein landsdel til neste landsdel i høve til behovet og i høve til kva folk ynskjer seg. Slik at det er ikkje definert konkret i Soria Moria-erklæringa kva eit lokalsjukehus skal innehalde, seier Bremer.

Reagerer med vantru

Roger B. Silden på arbeidsmøte i Helse Førde.

SJOKKERT: Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, reagerer med vantru på uttalen til partifelle Tor Bremer.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, er sjokkert over partifellen Bremer.

- Vi reagerer nærast med vantru når vi høyrer kva som blir sagt av sentrale politikarar opp mot det som skjer i sjukehusa. Dette at eit sjukehus ikkje skal ha noko innhald blir heilt uforståeleg for folk flest. Eg forstår berre ikkje korleis dei tenker, seier han.

- Ikkje veldig presist

Bremer har forståing for at det innan partiet er ulike oppfatningar av kva som står i Soria Moria-erklæringa.

- Formuleringane er nok ikkje veldig presise i Soria Moria på kva ein skal ha av tilbod fordi det er nye sjukdomsbilete, nye mogelegheiter som utvikler seg i høve til behandlingar som gjer at Soria Moria kan ikkje vere presis, seier han.

Ikkje nedlegging, men...

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

STÅR FAST: Anne-Grethe Strøm-Erichsen står fast på at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sjølv om helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) står fast på at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.

Samstundes opnar ho framleis for å leggje ned føde- og akuttilbod.

- Stortinget har bede dei regionale helseføretaka om å legge fram fødeplanar for heile regionen. Dei fødeplanane kjem snart inn på midt bord og så skal eg vurdere dei i høve til det vi har sagt og i høve til dei medisinskfaglege vurderingane som blir gjort, seier ho.