Har gått glipp av 50 millionar på straum-sal

Bremanger kommune har gått glipp av 50 millionar kroner på å førehandsselje straum til spotpris. Det kom fram på kommunestyremøtet i dag.

Tom Joensen og Tor Sydnes

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, og Tor Sydnes i Gabler Wassum.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette er kjempedramatisk. Me har nok utfordringar som me har i dag, om me ikkje skulle ta eit ytterlegare tap på dette, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Selskapet Gabler Wassum har gått gjennom investeringane, og kjem med krass kritikk av kommunen si forvaltning av verdiar.

Kan tape 200 millionar

I september vart det kjent at kommunen gjekk på ein ny økonomisk smell. Denne gongen omhaldla det gambling på framtidig rentenivå, der tapet såg ut til å bli på 39 millionar kroner. Men på møtet i dag vart tapet oppjustert til 75 millionar kroner, og ein kan ikkje utelukke at det kan kome opp i heile 200 millionar.

Finansrådgjevar Tor Sydnes i Gabler Wassum finn ingen finansiell haldbar grunn til å inngå så risikofull gambling.

– Det kan sjå ut som kommunen kom inn i ein vond sirkel?

– Ja, det kan sjå slik ut. Kommunen kom inn i ei heil heil rekkje uheldige transaksjonar og ein byrja å gamble for å dekkje inn tapa, seier han.

Tidlegare har kommunen tapt omlag 250 millionar kroner på Terra-saka .

Så langt har altså kommunen tapt omlag 50 millionar kroner på straumgamblinga.

– Eg kjente til alt som vart presentert av Gabler Wassum i dag, og meir enn det også. Men det ligg ein del informasjon som eg ikkje kan gå ut med offentleg. Grunnen er at det ville ha svekkja oss om me går til rettslege skritt - som me no vurderer, seier rådmann Joensen.

Lasse Sørum (til venstre) og Tor Sydnes

Lasse Sørum (til venstre) og Tor Sydnes i selskapet Gabler Wassum kom med krass kritikk.

Foto: Bård Siem / NRK