Hopp til innhold

- Kommunen visste dei braut lova

Allereie for to år sidan skal politikarane i Bremanger ha fått vite at gamblinga var ulovleg.

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

NY SKANDALE: Politikarane i Bremanger må ha visst at gamblinga dei dreiv med var ulovleg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det er påpeika både i den lovlegheitskontrollen som fylkesmannen hadde i 2008, og i det vi peikte på i revisjonsrapporten som vi la fram for kommunestyret, seier kommunerevisor Terje Førde i Bremanger.

I 2008 tapte Bremanger kommune nærare 200 millionar kroner i samband med den såkalla Terra-skandalen.

No går kommunen mot ein ny økonomisk smell på bortimot 40 millionar kroner på grunn av gambling på framtidig rentenivå.

- Kommunen skal ikkje gamble slik

Allereie for to år sidan vart politikarane i kommunen orienterte om at rente-gamblinga er ulovleg.

Og: Med låg rente som i dag, taper Bremanger store summar.

LES OGSÅ:

- Ein kommune skal ikkje spekulere med gambling på den måten der, seier Terje Førde.

Han meiner politikarane ikkje kan skulde på andre enn seg sjølve.

Stiller seg uforståande til ordføraren

Sist fredag sa ordførar Kåre Olav Svarstad at han ikkje visste noko om at rentegamblinga var ulovleg:

Kva dette gjekk ut på, var det ikkje gjeve foklaring på då, og det er noko vi no ønskjer ei fullstendig oversikt over, slik at vi kan vurdere kva vi har, kva vi skal gjere med det og kva verknader det vil få.

Terje Førde

KRITISK: Kommunerevisor Terje Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Førde stiller seg uforståande til Svarstad si framstilling av saka, og viser til at politikarane var orienterte for to år sidan.

- Kva kommentar har du til at Svarstad seier han ikkje kjenner til dette?

- Eg registrerer kva som blir sagt. Meir vil eg ikkje kommentere, seier Førde.

LES OGSÅ:

Vil ikkje kommentere saka

Kontrollutvalet får den nye tapsbomba i fanget på fredag. Då blir mellom andre ordførar Svarstad kalla inn på teppet.

Korkje Svarstad sjølv eller leiaren i kontrollutvalet, Audun Røys, ønskjer å kommentere saka overfor NRK.

- Kommunen skal ikkje ha denne typen aktivitet. Det er ikkje meir å seie om det, påpeikar Terje Førde.