Hopp til innhold

Braut seg inn i hytte på campingplass

Dører og ein sofa blei øydelagde då ubedne gjester tok seg inn i ei hytte i Gaupne.

– Hytta skal vere rasert, og politiet følgjer opp saka, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Eigar av Pluscamp Sandvik i Gaupne, Hans Olav Sandvik, seier at inngangsdøra er broten opp og at låsen er øydelagd.

– Det er også ei dør inne i hytta som har fått hardhendt behandling. I tillegg blei ein sofa øydelagt, fortel han.

Mykje søppel

Denne helga er det festival i Gaupne, og hytta var utleigd i samband med denne.

– Dei som leigde hytta var ikkje til stades då dette skjedde.

Han seier at politiet var i området på grunn av festivalen, og at dei har vore ved hytta for å sjekke kva som har skjedd.

– I tillegg til øydeleggingane var det skite og mykje søppel inne i hytta, seier han.

Vist vekk frå sentrum

Elles melder politiet om ei ganske roleg natt i Sogn og Fjordane. På Nordfjordeid kom det melding om at nokre personar var aggressive og slåst, men då politiet kom til staden hadde det roa seg.

Operasjonsleiar Dag Olav Sætre seier at ein mann laga trøbbel utanfor Florø samfunnshus i natt.

– Han blei vist vekk frå staden og fekk beskjed om ikkje å komme tilbake, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Og i Florø kom det melding om at det brann i graset ved ein campingplass.

– Dette blei sløkt med ein gong av gjester, og det er snakk om eit par kvadratmeter med gras, seier han.