Hopp til innhold

Braut leggen – èi veke før avgjerande renn

Neste helg hadde Åge Solheim (Haugen IL) planar om å vinne noregscupen i alpint. No blir 20-åringen i staden liggande nyoperert på sjukehus.

Åge Solheim skadar seg under den svenske meisterskapen

HER GÅR DET GALE: Vel halvvegs i løypa går det gale for Åge Solheim som i går var med på den svenske meisterskapen.

Foto: Lin Ivarsson

– Det var veldig kjedeleg dette, vedgår han på telefon frå hybelen på Lillehammer.

Der sit han søndag kveld med gipsa fot etter at det gjekk gale under eit renn i Sverige.

– Skjønte fort at det var meir alvorleg

Åge Solheim etter å ha brote leggen

VED GODT MOT: Åge Solheim er heime på hybelen på Lillehammer med ein mellombels gips på leggen. Etter forholda er han ved godt mot.

Foto: Privat

Der deltok nordfjordingen i helga på den svenske meisterskapen. Midt i storslalåmløypa skjedde det som ikkje skal skje.

– Eg hekta i porten, roterte og stupte framover. Så enda det med at eg slo skia i bakken og knakk leggen, fortel han om rennet.

– Det må ha vore smertefullt?

– Først hadde eg så mykje adrenalin i kroppen at eg trudde eg skulle greie reise meg og gå det av meg. Men så skjønte eg ganske fort at det var meir alvorleg enn som så.

Ventar på operasjon

Andre kom raskt til. Dei som hadde sett fallet forstod at det hadde gått gale. Etter kvart kom han seg på legevakta der leggen vart mellombels gipsa. Så gjekk turen til Lillehammer sjukehus.

– Dei tok røntgen og konstaterte brot. Eg må ha ein operasjon, men hevinga var ganske stor, så eg må vente til den har gått ned før eg kan operere, seier Solheim.

No ventar han på meir informasjon frå legane, før han blir operert mot slutten av veka.

Cup-sigeren går i vasken

Då skulle han helst ha gjort noko ganske anna. Solheim ligg nemleg svært godt an i noregscupen. Med to renn att leiar han. Men no får han ikkje med seg dei siste renna i Ål til helga.

– Det er sjølvsagt veldig kjedeleg når det er så avgjerande no på slutten. Eg har følt meg i god form og hadde veldig lyst å prestere. Men samtidig skjer det på ei tid av året der eg har heile sommaren til å klare å komme meg tilbake igjen.

– Kan du framleis vinne cupen, sjølv om du ikkje er med neste helg?

– Då skal eg vere veldig heldig. Det er jamt i toppen, og to andre som kjempar saman med meg om sigeren samanlagt.

Vil kome sterkare tilbake

Etter forholda er Solheim ved godt mot. Brotet i leggen er hans første alvorlege skade, og skjedde same dag som han fylte 20 år. Dermed har han mange gode år framfor seg som alpinist.

– Det er mange eksempel på folk som har kome sterkare tilbake etter slike skadar. Dette skal eg klare å komme meg gjennom, seier han.

– Eg håpar å vere tilbake til sesongstart.