Hopp til innhold

Brått slo kjempebølga inn over båten

Skipper Geir Henning Seljeseth såg kva som var på veg og tok fram mobiltelefonen for å filme. Så slo kjempebølgja over fiskebåten.

Skipper Geir Henning Seljeseth fiska opp mobilen då bølga var på veg.

RØFT: Skipper Geir Henning Seljeseth fiska opp mobilen då bølga var på veg.

Skipper Seljeseth og mannskapet på «MS Fanøyvåg» har dei siste dagane lege vest for Shetland og fiska sei.

Tysdag ettermiddag var fisket elendig. Men det var vêret også.

– Det var oppe i full storm. Då plar det kome straumskavlar og gje oss nokre smellar, seier Seljeseth på satellittelefon til NRK Sogn og Fjordane.

Brått såg han at ein slik straumskavl var på veg.

– Eg ville feste det til film. Eg har opplevd slike før, seier Seljeseth.

Og medan skipperen filma, slo den svære bølga inn over den 28 meter lange og 8,5 meter breie fiskebåten på 392 bruttotonn.

Det var ingen mannskap på dekk då bølgja slo over båten. Mannskapet er berre på dekk når bøyene vert tekne inn. Elles føregår alt arbeid under dekk.

– Eg har ikkje tenkt på kor høg bølga var, seier skipper Seljeseth.

Geir Henning Seljeseth

SKIPPER: Skipper Geir Henning Seljeseth om bord i båten i januar 2016.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ikkje skremt

Han seier hendinga slett ikkje har skremt han.

– Dette er vanleg. Dei blir meir skremt dei som sit heime, smiler skipperen.

Han la videoen ut på Facebook-sida til «MS Fanøyvåg» og hadde videoen blitt sett 5 700 gonger. Klokka 14 onsdag er den sett 16 000 gonger, og delt 37 gonger.

MS Fanøyvåg

SEI: Mannskapet fiskar etter sei vest for Shetland.

Foto: Geir Henning Seljeseth

«MS Fanøyvåg» held til i Batalden i Flora og la ut 26. januar. Båten skal ligge vest for Shetland fram til søndag.

– Fisket har vore godt, men været har vore dårleg. Vi har berre hatt éin godvêrsdag.

Heldigvis har vêret stått frå søraust. Då har vi ly frå Orkenøyene. Elles så hadde vi ikkje kunne jobba her ute, seier skipper Geir Henning Seljeseth.