Hopp til innhold

Brannvesenet måtte bryte seg inn i røykfylt leilegheit

Då brannalarmen gjekk i heile bygget låg mannen og sov tungt. Først etter at brannvesenet hadde slått inn døra vakna den rusa 25-åringen til live.

Like over midnatt natt til laurdag fekk politiet melding frå brannvesenet om ein brannalarm i eit leilegheitsbygg i sentrum av Florø. Brannvesenet rykte ut, og måtte til slutt ta døra på ei av leilegheitene.

– Dei hadde ikkje oppnådd kontakt med personen i leilegheita og måtte ta døra, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Mannen som budde der låg og sov i senga si då brannvesenet kom inn i den røykfylte leilegheita. Ifølgje Kolltveit hadde mannen sett på tre kjelar på komfyren.

– Vedkommande var rusa, men i fin form. Han var noko "groggy", seier Kolltveit.

Mannen vart sett til av ambulansepersonell, men skal ikkje vere skadd. Han kan likevel vente seg at natta får etterspel, då forholdet er politimeldt.

Brannvesenet har fleire gonger åtvara mot å lage seg mat på komfyren etter ein tur på byen. I fjor var komfyrbrannar skuld i over halvparten av alle brannar og branntilløp i Norge, og det er eldre og unge einsleg som oftast står bak.

– Det er nokre slike tilfelle frå tid til anna, der folk som har vore på byen berre skal kvile seg litt, seier Kolltveit.

I dette tilfellet gjekk det heldigvis bra. Røyken i leilegheita skuldast os, og hadde ikkje utvikla seg til ein brann med større skader, seier operasjonsleiaren.