Hopp til innhold

Brannråka Tor Anders vann brannslange

Tor Anders miste alt han eigde og har i storbrannen i Lærdal. Sist fredag vann han ein brannslange i premie i eit løp han skal vere med på i Bergen.

Tor Anders Offerdal

VANN BRANNSLANGE: Tor Anders Offerdal mista alt han eigde i brannen i Lærdal. Sist fredag vann han ein husbrannslange.

Foto: porten.no / Roy Trulssen

Som så mange andre lærdøler opplevde Tor Anders Offerdal det verkeleg store marerittet natt til søndag 19. januar. Huset hans brann heilt ned til grunnen og han og familien har fått seg mellombels bustad i Årdal.

Før storbrannen hadde den aktive lærdølen planar om å delta i Bergen Base Camp sitt trugeløp på Ulriken i Bergen i februar.

– Men alt eg eigde, inkludert trugene gjekk med i brannen, fortel Tor Anders.

No stiller arrangøren med nye truger til lærdølen, men ikkje nok med det. Dei gjorde ei trekning blant dei påmelde deltakarane, og der dukka Tor Anders sitt namn opp på nytt.

– Dette er litt tragikomisk

– Det er jo litt utruleg, men han blei trekt ut som vinnar av ein husbrannslange. Han skal vel ha seg eit nytt hus om litt, men vi får no håpe han aldri får bruk for den, seier Elisabeth Grøtte Kolstad, som arrangerer trugeløpet for Bergen Base Camp.

Opp i alt det trasige knytte til brannen, så vel Tor Anders Offerdal å ta sjå på det heile som litt tragikomisk.

– Det er jo ganske så utruleg at det var eg som skulle vinne den brannslangen, det må vi berre ta med eit smil, seier Tor Anders som satsar på å delta i trugeløpet på Ulriken – med dei nye trugene han har fått i gåve frå arrangøren.

Deltek i mosjonistklassen

Med ein liten fotskade og alt styret kring storbrannen, så blir det neppe deltaking i den aktive klassen i løpet.

– Men eg vart sjølvsagt glad for at arrangøren stiller med nye truger til meg, så eg kjem truleg til å delta i mosjonistklassen, slår Offerdal fast.

Sjølv er han med på å arrangere Storehaugen Opp i Lærdal kvart år, og alt tyder på at løpet vil bli arrangert etter planen Kristi Himmelfartsdag, 29. mai.