Hopp til innhold

– Eg hugsar ikkje så mykje. Ingen brannalarmar gjekk

SOGNDAL (NRK): Brannvarslinga på fellesareala slo ikkje ut under dødsbrannen i bustadblokka natt til i dag. Mari Bonden Borge vakna av at nokon banka hardt i døra og ropte at ho måtte kome seg ut.

Mari Bonden Borge blei evakuert frå brannen i Sogndal

SJOKKOPPLEVING: Mari Bonden Borge frå Vestfold er student i Sogndal. I natt måtte ho evakuere då det byrja å brenne i naboleilegheita til der ho bur.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg skalv i heile kroppen og var i sjokk. Eg hugsar ikkje så mykje. Ingen brannalarmar gjekk, berre røykvarslaren inne hos han som omkom, fortel Borge til NRK.

NRK møter ho og fleire av dei 18 bebuarane som blei evakuert då det natt til søndag tok til å brenne i Ulvahaugen terrasse, like ved Sogndal sentrum.

Blei vekt av eine naboen

For den 21 år gamle vernepleiestudenten frå Vestfold var det heile ei grusom oppleving.

– Eg synest det er heilt forferdeleg. Tanken om å bu der igjen aleine er veldig langt unna. Det er ikkje noko alternativ. Mamma kjem i kveld, og eg skal vere med venninnene mine, fortel ho.

Etter ein lang dag på ski i Sogndalsdalen hadde ho gått og lagt seg tidleg. Ho sov tungt då brannen starta hos den næraste naboen hennar.

– Eg høyrde eigentleg ingenting før han over meg byrja å dunke på døra til leilegheita som brann. Eg ropte ut; «Kva er det som skjer». Så sa han at det var brann. Så sprang eg ut på terrassen min og såg at det var masse flammar i leilegheita ved sidan av meg.

Brann på Ulvahaugen i Sogndal

STOR AKSJON: Naudetatane slo storalarm då det byrja å brenne i terrasseblokka på Ulvahaugen i Sogndal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / porten.no

Alarmen gjekk i naboblokkene

Einar Ulla er styreleiar i sameiget i blokka der brannen skjedde i natt og stadfestar at brannalarmen ikkje blei utløyst i fellesareala.

Dette skjedde derimot i naboblokkene som ligg berre nokre få meter unna.

– Det er røykvarslarar i leilegheitene, men eit felles varslingsanlegg i fellesareala. Kvifor det ikkje virka i natt vil eg ikkje spekulere på no.

Han blei sjølv evakuert og rosar innsatsen av alle som kom til for å hjelpe. Styreleiaren er no i dialog med politi, brannvesen og forsikringsselskap om vegen vidare.

I ettermiddag skal det vurderast om nokon får flytte tilbake til blokka i dag.

Høyrde ingen varsling

Sjef for Sogn brann- og redning, Vidar Trettenes, stadfestar at dei seriekopla brannvarslarane ikkje virka då dei kom fram til brannen.

– Vi høyrde ikkje røykvarslarar, tidleg varsling er utruleg viktig i slike saker.

Trettenes vil ikkje kommentere dette vidare, men reknar med at blokka er bygd før dei nye byggforskriftene kom på plass.

– Det var ei skrekkoppleving

NRK møter også ein av dei andre som blei evakuert, Johanna Hilde. Ho fortel om ei skremmande natt då dei måtte evakuere.

– Det var ei skrekkoppleving. Det banka i vegger og vindauge og folk bad oss om å kome oss ut. Då sprang vi og fekk med oss det vi klarte å få med oss. Å sjå det store bustadkomplekset bli fylt av svart røyk er forferdeleg å tenke på, seier Hilde.

Ho stadfestar også at brannalarmen i fellesareala ikkje fungerte, noko ho er veldig forskrekka over. Ho takkar naboane som fekk dei ut.

– Politiet og brannvesenet sa at det pleier å ule når dei kjem til slike brannar. Her var det ikkje ein lyd, seier ho.

Johanna Hilde blei evakuert under brannen på Ulvahaugen i Sogndal

SKREMMANDE: Johanna Hilde var ein av dei 18 som i natt blei evakuert frå Ulvahaugen i Sogndal. Ein mann omkom i brannen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

OMFATTANDE: I alt 18 bebuarar blei evakuerte frå bustadblokka i Sogndal. Ein mann blei funnen omkomen.