Hopp til innhold

Brann vardar til støtte for heimevernet

NORDFJORDEID (NRK): Over heile landet vart meir enn hundre vardar i går kveld sett i fyr for å signalisere misnøye med planane om kutt i Heimevernet.

Apell under vardebrenning

PROTEST: Over heile landet har folk tent på vardar i protest mot planlagde kutt i heimevernet. Dette er frå vardebrenninga på eksersisplassen Malakoff, på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

– Det er ein sivil, upolitisk markering av at vi ikkje vil tilbake til tida før 1940, då ein bygde ned landforsvaret i Noreg. Det seier iniativtakar av vardebrenninga på Nordfjordeid, Are Fagerli.

Bakgrunnen er at Stortinget i haust skal handsame langtidsplanen for Forsvaret. Regjeringa foreslår ei sterk nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg, frå 42.000 til 30.000 soldatar og befal. Eitt av framlegga er å legge ned HV11. Dette heimevernsdistriktet dekkjer Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Les også: Ordførarane krev at HV11 må styrkast

Vardebrenning med Are Fagerli

SYMBOLSK: Her tenner Are Fagerli på varden på Eid. Fagerli seier at det er ei symbolsk handling, sidan vardebrenning tradisjonelt har varsla fare.

Foto: Øystein Torheim

Tende vardar på eksersisplass

Aksjonen der ein tende vardar i protest var sameint over heile landet. På Eid samla ein seg på eksersisplassen Malakoff for vardebrenning.

– I gamle dagar varsla ein ufred og fare ved å tenne på vardar på fjella. No gjer vi det mellom anna på landets eldste eksersisplass på Eid, for å syne motstand mot det som no skjer med Heimevernet, seier Fagerli.

Fagerli har sjølv bakgrunn frå forsvaret, og ein far som var med i heimestyrkane under krigen. For han er det ekstra sårt om det vert trappa ned i heimfylket hans.

– Når dei legg ned den avdelinga som heiter HV11, så mister vi heimevernet heilt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alt skal flyttast til Bergen og Trøndelag, og det tykkjer eg er fortvilande.

Får ordførarstøtte

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) var med på markeringa, og han gjev full støtte til vardebrennarane.

– Slik framlegget til regjeringa no ligg føre, er vi i ferd med å miste eit heimevern med rotfeste på nordvestlandet, og då er det naturleg at vi her på Eid er med og markerer misnøye med det, seier Bjørlo.

Fakkeltog før vardebrenning

FAKKELTOG: Ordførar og støttespelarar gjekk i fakkeltog gjennom Eidsgata før dei tende på ein varde i protest

Foto: Øystein Torheim

Bjørlo har tidlegare vore med på ein underskriftskampanje blant ordførarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal mot nedskjeringane. Han tykkjer planane til regjeringa er alvorlege.

– Det er veldig vanskeleg å byggje opp att eit heimevern, dersom ufreden på nytt skulle truge. I dei tidene verda er i no, tenkjer eg at dette er ei av dei billegaste og viktigaste forsikringane vi kan ha, seier Bjørlo.

Om langtidsplanen for forsvaret blir slik regjeringa vil, seier Bjørlo at det vil bety at Sogn og Fjordane står heilt utan nærvær av eit forsvar.

– Vi har ingen flybasar eller andre millitærinstallasjonar. Forsvaret i Sogn og Fjordane er heimevernet, har vi i praksis ein landsdel utan eit forsvar som er her fast.

For tidleg å konkludere

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) har sagt at endringar i heimevernet er heilt naudsynte. Partifellen hennar, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, har tidlegare sagt at det er for tidleg å konkludere om korleis det nye heimevernet vil sjå ut for Sogn og Fjordane.

Eg jobbar for at vi skal ha mest mogleg Heimevern, også i vårt fylke, men tykkjer det er alt for tidleg å seie korleis dette skal bli, seier Lødemel.