Hopp til innhold

Brann i lagerbygning i Måløy

Brannvesenet begynner å få kontroll med brannen i ein eldre låve og ein stor garasje i Måløy, opplyser politiet.

Brann i lagerbygning i Måløy

MYKJE RØYK: Den kraftige røykutviklinga fører til at tunnelen i nærleiken har blitt stengd.

Foto: Jonas Landøy

Like før klokka 15:30 melde politiet om at det brann i eit lagerbygg i nærleiken av Skåratunnelen i Måløy, og alle naudetatane rykka ut til staden.

– Det er kraftig røykutvikling. Garasjeporten og glasruter er blåste ut, så det kan kanskje tyde på ein eksplosjon, sa vaktleiar Terje Birkeland ved Alarmsentralen.

Brannen blei varsla av personar som såg røyk i området. Det skal ikkje vore folk i bygningane som brann.

Politiet opplyser om det ein stund ikkje var kontroll på brannen, men at brannvesenet har hatt kontroll på bustadhuset like ved.

På grunn av mykje røyk i området blei Skåratunnelen på fv. 617 mellom Målæy og Raudeberg stengd.

– Ei kvinne i ein bil i køen har fått i seg ein del røyk. Ho har blitt teken hand om av helsevesenet, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Det er enno uvisst kva brannårsaka er.

– Men ein garasjeport og glasruter er blåste ut, så det kan tyde på at det har vore trykk involvert, seier han.

Skåratunnelen var ei stund stengd, men er no opna att med manuell dirigering.

Brann i Måløy