Hopp til innhold

Råkøyrde etter ambulanse - førarar bøtelagde

To personar har fått bøter på til saman 19.000 kroner for å ha lagt seg på hjul etter ambulansar under utrykking.

Ambulanse ved Førde sentralsjukehus

ILLUSTRASJON: Ambulansane til Helse Førde var under utrykking då dei opplevde å bli følgde etter av privatbilistar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den første saka er frå mai i år, då ein motorsyklist la på hjul etter ein ambulanse under utrykking på riksveg 5 mellom Flora og Førde.

Politiet meiner motorsyklisten unødig forstyrra ambulansesjåføren som måtte senke farten og tilpasse køyringa. Motorsyklisten skal mellom anna ha følgd på då ambulansesjåføren gjorde forbikøyringar, sjølv om ambulansesjåføren her køyrde over lovleg fart.

Føraren av motorsyklisten fekk ei bot på 9000 kroner fot brot på vegtrafikklova.

Nokre månader seinare følgde ei ung kvinne på ein ambulanse under utrykking på E39 mellom Sande og Førde. Kvinna følgde mellom anna etter på raude trafikklys og var godt over lovleg fartsgrense. I tillegg til 10 000 kroner i bot misser ho førarretten i tre månader.

Begge førarane har godteke bøtene.

– Tek merksemda til føraren

Alle trafikantar skal etter lova gi fri veg for utrykkingskøyretøy som varslar med blinkande blått lys. Om nødvendig skal trafikanten stogge.

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier det heldigvis ikkje skjer spesielt ofte at ambulansar blir følgde etter og forstyrra av privatbilistar når dei er under utrykking.

– Basert på alle dei tusen oppdraga vi gjennomfører er ikkje dette eit stort problem for oss. Men årleg har vi eit par-tre slike episodar, seier Sægrov.

Alle slike hendingar blir politimelde, og som oftast blir trafikantane som forstyrrar ambulansen på denne måten stogga med det same, fortel ambulansesjefen.

– Dette er å hindre utrykkingskøyretøy og er noko vi ikkje skal måtte akseptere.

– Har du nokon som hindrar eit utrykkingskøyretøy enten framfor eller bak, så tek det fokuset og merksemda til føraren. Det kan få uheldige konsekvensar, legg han til.